Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Kristendom, er Tanketyning for Fram; men —.» Fram
flaug upp, gjekk Motmannen paa Live som han vilde
lære han Logik med Nevane; «Kristendom! Gud hjelpe
oss for Snakk! Den resiske Regel Kristendom! Og
Pontoppidan! Han vilde spyrja kvar vitug Mann: kva
tykkjest De um Erik Pontoppidan? Dei skreiv i
Lære-bøkane sine, desse Teologkultane, at dei katolske
Prestane forbaud Folk aa lesa i Bibelen og arbeidde imot
Folkeupplysning; men kva gjorde dei sjølve? Jau; dei
vilde ikkje gjeva Skulemeistrane lov til aa taka
Aalmug-skulelatinen vekk! Men Aalmugskulelatinen, det var
Pontoppidan. Anten dei uppe i Fjellbygdine stappa i
Ungane Paternoster paa Latin, eller dei laga Gudsfrygt
hjaa friske Fjellgutar ved aa stappe dei fulle med
Pontoppidanlatin, det kom paa eit ut; Prestar var Prestar
anten dei gjekk med Krage eller Hette. Og so gjekk dei
her og snakka um, at det var dei som hadde skapt
Folkeupplysning, og ein ny Skule! Var ikkje slikt
Preste-humbug, so visste ikkje han kva Prestehumbug var.
«Jau det er Pinedød Prestehumbug!» ropa Røvarane fraa
Apenninane med Slag i Borde.
Daniel sat og stirde paa Fram som Fuglen paa den
fagre Ormen; han var rædd, men maatte fylgje med. No
tok Teologen Orde og rekna upp alt det gode, Prestane
hadde gjort i Skulekommisjonane; han var so vond at
han tala godt. Under dette tok Strand og Rud til aa
smaadrøse seg imillom; og Daniel vart gjord kjend som
«ein av vaare». Strand bøygde seg i skjemtefull
Vyrdsemd og sagde, at han vilde «anbefale Os Elskelig Jens
Rud at overveie», um dei ikkje «i Sagens Anledning
burde have 01»; Jens Rud ringde paa Johanne med
Kaffikoppen og fekk inn eit Par Flaskur, som vart
mottekne med Bravo-Rop. Fram og Teologen dreiv paa
heitare og heitare. Presten i Skulekommisjonen vart
143
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>