- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
146

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

potens. Og skrifta for honom dei Syndine som han
ikkje hadde gjort; for deim han hadde gjort skulde
Fanden snakke um! Men mest av alt jamra han seg
yvi, at han var komin inn i denne ugudelege
Fram-klikken, der han hadde komi ut for so mykje Satans List
og Forlokking, at han hadde vori nære paa aa tapa si
Barnetru. (Hurra! Mjøltraavarens Barnetru!) Pater
omnipotens vart kløkt yvi Angeren til Mjøltraavaren;
han heldt ei Tale um Røvaren paa Krossen (Laatt); so
spurde han kva Mjøltraavaren no vilde taka seg til.
Denne svara, at han fyrst og fremst vilde «arbeide paa
sin Helliggjørelse» (Bravissimo!), og at han so hadde
tenkt aa freiste med Teologi (verre og verre!). Daa
lagde Pater seg paa Kne; og Mjøltraavaren au maatte
paa Kne (ha! ha!); og Pater bad med graatande Taarir
for denne angergjevne Syndaren og Teologen i Voni.
Men so var det Mammon daa. Kor skulde ein koma inn
paa noko so verdslegt etter slik ei Høgtidsstund ? Men
han greidde det. Han bad Pater um ein Bibel. Han
hadde slik Trong til aa lesa i Guds Ord sagde han,
men hadde dessverre so lite av denne Verdens Mammon,
at han — sant aa segja — ikkje hadde Raad til aa
skaffe seg Livsens Brød. Daa tok Pater i si Hjartans
Glede upp 5 Dalar og gav han, og bad han koma att
so tidt han kjende Trong til det; og Mjøltraavaren takka
med fagre Ord, og var saa kløkt, at han reint ut sagt
hadde Taarir i Augo — av all den Laatten han laut
bite i seg.

Mjøltraavaren gjorde det godt med Sogo si. Alle lo
og hadde Moro, so nær som Jens Rud; Fram var med
og lo ei Stund, men vart tagall paa Slutten. Daniel heldt
seg helst til Rud. Mjøltraavaren fekk Øle sitt og var
svært kry. Men med ein Gong snudde Fram seg mot
han og sagde: «du er eit Herk, Mikkelsen!» — Daniel

146

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0148.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free