Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
vart reint glad i Pram. Mikkelsen forsvara seg; Pram
sat og saag upp i Lofte og syntest ikkje høyre. Daa
Deigja kom inn att sa han: «hev De Tid til aa vera
Censor, Johanne!» Ho riste paa Hovude og smilte: ikkje
no. «So fær de greide det so godt de kann, de daa,»
sa Fram til Fylgje sitt; «men de maa tenkje som Folk,
og ikkje som Skulegutar.» Han las upp det han hadde
skrivi; vilde vita um det var stila so at vanlegt Folk
kunde skyna det.
Det vart Strid um eit Par Setningar; medan den stod
paa, kom ein av Røvarane burt-til Daniel, og bøygde
seg ned mot Øyra hans og sagde: «undskyld Herr Braut,
Di skulde ikke kunne laane mej en Dalers Penger paa
en 8 Dags Tid? Jæ er tilfældigvis blank; jæ skulde
ha noen Penger hos en Mand, men han narret mej.» Daa
lo Daniel: «je skal ut aa laane Penger sell i Dag!» sagde
han. «Aa! ja; undskyld da; De tar dæ ikke ille op?»
— «Nei bevars.» — «Takk.» Strakst etter kom Røvaren
att: «men — undskyld — det faldt mej ind... jæ er
virkelig i en slem Knipe... dersom De nu fikk laant
Penger i Da, kanskje Di da fikk saa mye at Di kunde
afse en hel eller en halv Dalers Penger? Di maa ikke
ta dæ fortrydeli op! —» — Daniel vart heilt forundra.
Slik tok dei det her! Og han, som var rædd aa spyr ja
Jens Rud... — «Dersom eg fær so mykje som eg sjølv
treng, er det Høgdi, — dessverre,» sagde han. Røvaren
bad mange Gongir «undskylde».
Daniel reis upp; no hadde han sjølv fengi Mod til aa
gaa paa. Og no fall det seg; burt-i ei Kraa saag han
Strand i Samtale med Rud; og det var visst Pengar dei
stelte med. Han svinga burt-um; — jau, Strand fekk
ein Dalar av Rud. Med eit Mæle som skulde vera rolegt
sagde Daniel: «er det fleire der?» — han raudna kring
Augo. Jens saag paa Fyren og skyna kva som tids var;
147
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>