- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
170

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— «Ja, det hev eg kjent,» mulla Daniel ustødt. Pater
reis upp og stappa i Pipa. «Aa ja Gud skje Lov og
Takk!» sukka han; «han veit aa finne oss, han; og han
veit Raad med oss. Haa! haa! Me gjeng og innbiller
oss at me er so kloke og vise; men han lærer oss aa
sjaa, at all vaar Visdom er Daarskap, han!»

Pater kveikte Pipa og slog inn i ein annan Tone.
«De tenkte paa at De vilde hava Arbeid; var det ikkje
so, kjære Ven?» sagde han. Jau, dersom der var Raad
til det, svara Daniel, so vilde han meir enn gjerne. Pater
sette seg att.

«Hm, det er forunderlegt,» sagde han med ein logn
Smil, «eg hev nettupp ein Post som kunde høve for
Dykk. Der kann De sjaa! Vaarherre er aldri raadlaus.
Det er ein Huslærarpost upp paa Lande, i ei fager
Bygd; — eg trur ikkje Posten er burtfest. Vil De eg
skal høyre etter?» Daniel sagde so mange Takk. «Ja,
eg skal gjera det,» svara Pater. «Eg tykkjer det er som
Vaarherre sjølv hadde sendt deg... Du er just den, eg
her kunde hava Bruk for. Høyr, du kjenner Student
Bentsen?» — «Ja; godt.» — «Det er ein merkeleg ung
Mann... so sterk i Trui, so ærleg i sin Dom yvi seg
sjølv... Ikkje sant ?» — Jau, det var visst so. — «Kva
er det for andre Studentar, du kjenner?» — Daniel
tenkte seg um; nemnde Hans Haugum. Maatte so
fortelja um Hans Haugum; og det gjorde han paa den
Maaten at han fortalde alt som han tenkte Pater vilde
like. «Ja, det er merkelegt,» sagde Pater; «det er som
Vaarherre hev lagt dette tilrettes for deg. Student
Stensrud var her nyleg og bad meg drive paa... og no
kjem du. Kva var det, du heitte?» — «Daniel Braut.»

— «Daniel Braut, ja. Ja maatte du bli ein Daniel! Høyr
no her upp um nokre Dagar; eg trur visst, Vaarherre
hjelper deg.» Han slo Daniel paa Aksli og lo: «du er ein

170

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0172.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free