- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
169

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Smaagut, og kjende at han i Grunnen var framand her.
Og di meir Pater lagde ut um «den salige Naadestand»
og Striden mot Kjøte og Freden i Voni um det ævuge
Liv, dess meir forstod Daniel at han ikkje var
um-vend. —

— «Ikkje sant,» slutta Pater, «dette er herlegt og
sælt, langt større og rikare enn all den Stordom og
Giede og Glans, som det verdslege Live kann gjeva?
Du hev kjent det? Du hev upplivt det?» — Daniel
totte ikkje at han etter det han fyrr hadde sagt kunde
svara anna enn ja. «Det gled meg!» sagde Pater; «det
gled meg! Takka din Gud for dette, og takka han
ikkje minst for at han hev frelst deg i dine Ungdoms
Dagar, og frelst deg fraa aa koma i Lag med dei
vantrue!» Dei stakars Folk; Pater hadde so vondt av
deim; dei var verst mot seg sjølve. Utan Fred, utan
Von, utan Trøyst og Hjelp i Liv eller Daude ...

Hm, underlegt nok; han hadde nyleg vori gjesta av ein
av desse Armingane, ein av dei fraa Frams Klikk; rett
ein fortapt Son, som hadde freista so lengi han kunde
aa mette seg med det Maske som der var aa finne; aa,
han jamra seg so saart yvi den Sjæle-Sott og
Hjarte-Ufred han hadde røynt, so lengi han vandra paa dei
Vegar! Men no hadde han funni heim att til Faderhuse;
og no var han so sæl. «Og tenk: han var so arm at
han knapt hadde Klæde paa Kroppen; og kann De gjeta
kva han bad um ? Ikkje um Pengar, ikkje um Mat, ikkje
um Klæde, nei; men um ein B i b e 1!» — Daniel sat med
Augo i Golve og skjemdest som ein Hund; «det er
merkelegt,» sagde han. «Ja, det er forunderlegt,» heldt
Pater fram i si djupe Glede. «Men so er det: naar Gud
fær Tak paa ei Sjæl, so vert alt anna verdlaust; berre
Freden med Gud, berre Orde fra honom vil Sjæli hava;
og fær ho det, so hev ho ikkje Lyst til noko paa Jordi.»

169

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0171.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free