- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
172

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Dagen etter raaka han Jens Rud paa Gata. «Naa,»
sagde Jens, «De kjem vel?» — Ja ... Daniel visste ikkje;
det var ikkje so godt for han... «Billet skaffar eg,»
sagde Jens Rud laagt. — Ja ... men ... han skulde ein
annan Stad av i Kveld. «Aa, Snakk; aalvorlege Ting til
i Morgo!» lo Jens. «I Kveld ventar Fedralande at kvar
Mann gjer si Plikt!» — Ja ja, Daniel fekk tenkje paa
det. «I Kveld Kl. 5! Kafé Nasjonal!» sagde Jens og
strauk.

I Grunnen var dette her noko Filledom, tenkte Daniel.
Men det kunde vera Moro aa vera med paa slikt for ein
Gong Skuld og. Og han var ikkje umvend; so for den
Skuld... Dessutan hadde han paa ein Maate lova ...
Men det var denne Pater. Ein so god Mann vilde han
naudleg gjera imot.

I Tvil og Tvihug gjekk han heim, og i Tvil og Tvihug
dreiv han Tidi, til Klokka var 5, og kunde ikkje koma
til nokor Avgjerd. So gjekk han ut. Ein kunde alltid
drive burt-etter Gata og sjaa, tenkte han; og so kunde
ein taka ei Avgjerd etterkvart. Det var Meiningi hans
aa ikkje vera med. Men det kunde ikkje skilja um
ein tenkte noko meir yvi det. So gjekk han burt-etter
Gata og tenkte; tenkte uppatt dei same Tankane som
han hadde tenkt fyrr. Sistpaa stod han utanfor Kafé
Nasjonal og var like nære. Tok seg eit Slag nedyvi
Gata og upp att; vilde tenkje betre yvi; Tankane vart
dei same, men Hugen vaks.

Flokk etter Flokk saag han koma og gaa inn; dei
kom luskande som samansvorne. Det skulde vera
Moro aa vera med! Byen laag saa roleg og trygg som
inkje var; dei gode Borgarar drøymde um ingin Ting;
men der inne i den vesle Kjellaren, inne i eit løynlegt,
avstengt, Rom, sat det unge Norig og gjorde
Revolusjon ... det skulde vera Moro aa vera med! Tan-

172

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0174.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free