Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
kane tagna ein for ein; Hugen vaks; at ikkje Jens Rud
kunde koma og taka han med seg!
Klokka var eit Korter yvi 5. Vilde ein vera med,
fekk ein skunde seg. Han hadde i Grunnen lova det...
og i Grunnen var det ei god Sak... lat gaa. Han kasta
seg fram mot Troppi, døyvde alle Tankar og steig paa.
Inne i Kaffistogo raaka han Jens. «Naa, endeleg. Inn
der!» sa Jens; Daniel gjekk. «Jacta est alea,» tenkte
han.
Men daa han ein Time etter kom ut att, hadde han
lova med Hand og Munn, at han vilde vera med i Kveld
og pipe i Teatre av all si Magt, so snart han fraa
Parkette høyrde Rope: ««ned med Direktøren!», og at han
ikkje vilde lata seg skræme av nokon Ting, men berre
halde fast paa Pipa si og blaase. Og no visste han, at
Saki var god. Fram hadde med sin eldfulde Logik vist,
at Nasjonalteatre var drivi paa ein uforsvarleg Maate,
so ingin Nordmann kunde finne seg i aa sjaa det i
Hen-dane paa den Klikken som no styrde; og Daniel hadde
merkt seg fleire av Frams Grunnar, so han kunde hava
noko aa verja seg med, um Pater skulde faa Njosn
um Saki.
Pipe fekk han av Jens Rud. Dei fleste var ute og
kaupte seg Pipur etter Møte. Men andre hjelpte seg
som dei kunde med Portlyklar, Barnetrompetar og anna
slikt som kunde laate. Etter Staake skulde dei møtast
i Kaffikjellaren att og hava ein litin Seksa.
Daniel skulde sitja i ein Bolk i tridje Rad og hava
med seg Sven Dufva og ein Monsen, «Don Pedro», som
Aslak Fjordan kalla han. Stormengdi av Piparane skulde
sitja i andre Rad; elles var dei spreidde yvi heile Teatre.
Det vilde bli ein «fyrste Rangs Konsert», so sant alle
gjorde sin Skyldnad, sagde Jens Rud.
Jacta est alea; Terningen er kasta.
173
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>