Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
no, han sat ihopkropin som ein Tull med Ryggen
upp-skotin og Aalbogane til Vern paa baade Sidur, og peip
so trufast og aalvorsamt som det galdt Live. Daniel
tenkte med seg, at baade Sven Dufva og Peder Monsen
hadde stelt seg betre enn han, kvar paa sin Maate; leid
seg var han.
Eit tungt, kvævt Dunder høyrdest, langt burte eller
djupt nede; Daniel visste ikkje, kva det var, og dei som
peip høyrde det ikkje; det var Gongongen som gjekk.
So rykte Politie fram: det hadde vorti mannsterkt no
ned-i Salen. Den eine Piparen etter den andre vart
tekin i Nakken og sett paa Dør; heile andre Rad vart
rudd; so tok dei til aa sløkkje Gasen. I tridje Rad var
det berre ein som kom i Politikløar: denne eine var
Sven Dufva.
Men Sven gav seg ikkje for Politie heller. Han klora
seg fast til Bolkekanten med den eine Handi og heldt
Pipa med den andre og blés paa; Konstabelen maatte
bruka heile si Magt til aa faa han laus. Og so laut
Sven Dufva fylgje Konstabelen paa Raadstogo. —
— Dei samla seg etter Avtale i Kafé Nasjonal, —
den Flokken som stod under Ruds Styring. Men dei
var færre no. Dei fremste i Flokken var i Ulag; der
hadde vori so mange Svikarar, sagde dei. Hadde alle
gjort sin Skyldnad, so skulde det vorti ein annan Dans.
Denne fordømelege norske Ræddhug! Dette usætande,
dette upaalitelege ved oss! Alltid skulde det gaa so
midt i Lag; aldri kunde ein halde ihop og vinne stort.
Me skulde berre sjaa, kva «Den gode Borger» sagde i
Morgo —: «en Del unge Mennesker og Skoleelever...
en Del Barnetrompeter... Politiet ordnet det hele i en
Fart».
Daniel hadde vori i stor Tvil, um han skulde møte
upp paa Kaffikjellaren. Han hadde ikkje noko godt
12 — Garborg I.
177
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>