- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
176

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

mej» og vilde slaa til og ikkje torde. Men uppe i
Ra-dine hekk det i Krans Andlit ved Andlit utyvi Kantane;
dei glodde og lo, glodde og undrast, glodde og banna,
glodde og peip.

Daniel hadde fengi Pipa si upp or Vestelomma, og
no skulde han til; men han var uroleg. Til aa vinne
Mod glytte han paa Kammeratane sine; — Peder Monsen
sat med Armane i Kross og saag ut som han aldri
hadde tenkt paa aa pipe; men Sven Dufva peip so
Kjakane hans stod som ein Smidjubelg. Kven skulde
ein fylgje? Guten vart heilt fortryllt. Men nede i
Parkette saag han Jens Rud, som stod og peip og glodde
uppetter Radine... han fekk Pipa til Munnen so fort
han kunde og blés; men kunde ikkje høyre noko; blés
sterkare, men kunde endaa ikkje høyre... Daa kjende
han ein Neve i den eine Aksli. Han skvatt so han beit
seg i Tunga; torde knapt sjaa seg um. «Aa ska dettane
derre vera for no’ ?» skreik Slagtarmaale inn i Øyra paa
han, og ein vond Ølgufs kom strøymande; Daniel svara
noko, men høyrde det ikkje sjølv. «Vaff’no ?» ylte
Slag-taren, og skreik so han vart blaa; Daniel lika seg ikkje;
best aa sjaa seg fyri. Og so lagde Slagtaren Munnen
til Øyra hans og skreik som det galdt Live —: «haaller
itte Di Demses forbannede Snut, saa Fa’n ita mej roper
itte jæ paa Kongstabeln!» — Daniel vilde vride seg ut
av Neveklemba hans; men han sat som i eit
Skruve-sted. «Stikk Pipa Demses i Sekken, Far!» skreik
Slag-taren; det lukta 01 baade av Fyren og av Ordi hans.
Kva skulde ein gjera? Det var ikkje godt aa vita, kva
ein full Slagtar kunde finne paa; og Konstabelen vilde
han ikkje hava noko med ... Daniel stakk Pipa i Sekken.

Don Pedro de Monsen sat roleg som fyrr og glodde
ned i Parkette; ein Kaldflir laag ikring Munnen hans.
Men Sven Dufva, som nok og hadde ei Klo i Aksli si

176

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0178.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free