- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
179

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

her som kunde stinge han med flirande Augo, av di
han hadde gjort seg til «Mjøltraavar». Dei hadde ikkje
sagt nokon Ting, dei der inne. Men han hadde set
det utanpaa deim kva dei tenkte. Var det sant, at han
hadde vori hjaa Pater omnipotens og um vendt seg?
Var det sant at han sidan hadde pipi i Teatre og drukki
seg full ? Eller var det so at han ikkje hadde pipi i
Teatre — og drukki seg full? Men Ole Bentsen gjekk
og tala um kor skrøpelege me var, og kor snart gjort
det var aa falle tilbake.

Daniel hadde vori rædd Kammeratane sine. Han
hadde stengt seg inne og lesi til Eksamen, men kunde
ikkje sprenglesa som fyrr; han fekk so snart vondt i
Hovude. Og vilde han kvile, so kom dei urolege
Tankane som ein Flugusvarm. Enn um Pater fekk vita,
at han ikkje var ein «sann Israelit»! Enn um Fram
og Rud fekk vita at han hadde «umvendt seg!» Ja um
Hirch fekk vita, at han hadde vorti Pietist; Kva vilde
den gode Mannen daa segja? Og kva vilde dei segja,
alle ihop. Han hadde stelt seg so, at ingin lenger kunde
tru han.

Men det verste var, at ender og daa hadde han vori
nøydd til aa helse paa Pater. Rædd var han komin og
skamfull var han gjengin; for her, hjaa Pater, var han
nøydd til aa vera umvend ...

Aldri i sine Dagar hadde han havt det so vondt;
ikkje daa han svalt dess meir.

Her uppe paa Steinsrud var det likare. Men naar det
kom til Stykke, var han ikkje trygg her heller. Tanken
paa Hirsch gnog paa Samvite hans, og Tanken paa
Pater heldt han i æveleg Uro. Fekk Pater vita at det
hadde vori Fusk med den sanne Israeliten, so fekk
Proprietæren vita det med; og so kunde ein skyna kor
det gjekk. Likso ille vilde det vera, um Student Stens-

179

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0181.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free