- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
180

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

rud, Son til Proprietæren, fekk vita meir enn han skulde.
Student Stensrud var det som hadde teki Daniel god
til Huslærar; men Student Stensrud kjende Daniel berre
gjenom Pater og Haugum; og fekk daa han vita, at
Braut var ein gamall Framsmann og Pipeblaasar...

Det galdt aa fara varlegt. Det einaste som kunde
berge han, um gali skulde gaa, var, um han til den Tid
kunde faa Proprietæren paa si Side. Det fekk han daa
freiste paa. Og han gjekk sin Husbond under Augo som
han best kunde.

Han var komin hit i den Tanken at han vilde sone
for si Synd mot Kapellan Hirsch gjenom sitt
Lærar-Arbeid: han vilde lære dei tvo smaae Stensrud’ane aa
tru paa Aand. Men daa han strakst kunde forstaa paa
Proprietæren, at denne ikkje lika den aandfulle
Metoden, gav han Tanken upp. Syndi mot Hirsch fekk han
sone sidan; det var ikkje for honom aa hava nokon
Vilje no. So tok han til aa halde Skule paa den Maaten
som han hadde lært av Kandidat Massmann.

Dessverre var det lite Framtak i Gutane. Dei var
tunge og dauve, og han lika deim ikkje. Arbeide med
deim var som aa skvette Vatn paa Gaas. Etterkvart
gleid daa Daniel yvi i den vanlege aandlause
Latinskule-maaten: høyrde Leksur og var like sæl. Men naar Fru
Andrine spurde etter um Sønom sine, sagde Huslæraren,
at han trudde det var emnelege Gutar. Dei hadde ikkje
raatt or enno; men dei kom seg nok. Ein kunde i
Grunnen ikkje forsvara aa segja anna til ei Mor heller,
tenkte han.

Fru Andrine var andre Kona til Proprietæren; fyrr
hadde ho vori Hushalder hjaa gamle Provsten. Ho laga
god Mat og styrde Huset godt; meir kunde ho ikkje,
og meir kravde ingin av henne. Den som hadde vori
uppvaksin i eit slikt Hus! tenkte Daniel tidt; ein kunde

180

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0182.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free