Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
paa, at ho kunde vera 28 Aar; finaste Ungdomsblomen
var burte; Huldresløre, Draumen, Trolldomen, det, som
ingin kan utsegja, — det var der ikkje; han kunde tala
med henne so mykje han vilde, men var like kald. Hadde
ikkje dette vori, so kunde han kannhenda komi til aa
kjenne seg heime paa Steinsrud.
Eit Par Kveldar um Viko var det Whist og Toddy;
men aldri meir enn eit Glas, og aldri lenger enn til
Klokka ti. Ender og daa var Lensmannen der; stundom
sjølve Presten. Morosamt var det ikkje. Og naar
Proprietæren Gong etter Gong sat og lagde ut um, at det
galdt aa vera «sjølvstendig», so ein ikkje lét seg drive
av kvar Lærdoms Vind eller lokke av kvar Ordmakar,
— so vart Daniel stundom rædd at Proprietæren meinte
dette paa honom.
For Daniel hadde ikkje vori sjølvstendig. Han visste
det no. Han hadde havt det med aa meine som dei han
mest var i Lag med; og naar han hadde høyrt ei
Meining framsett med Fynd, so hadde han teki den god og
gløymt det han fyrr trudde. Meir enn ein Gong hadde
han høyrt Folk tala um, at ein skulde hava
«sjølvstendige Meiningar»; men han hadde aldri rett lagt Merke
til det. Han var heimangjord med den Trui at det galdt
aa hava rette Meiningar; og det kunde han ikkje koma
ifraa enno. Kva nytta det aa tenkje sjølvstendigt, naar
ein tenkte gali? Og ein kom snart til aa tenkje gali,
naar ein litte paa sitt eigi Vit. Fram og Rud og slike,
dei var visst sjølvstendige nok, men so var dei
Rasjonalistar. Og kor langt vilde dei koma med det?
Det nytta lite aa vera sjølvstendig, naar ein skulde
døy. Daa galdt det aa hava den rette Trui. Hadde ein
ikkje den, so gjekk ein til Helvite kor sjølvstendig ein
var. Og her i Verdi var det i Grunnen paa same Maaten:
vrange Meiningar øydelagde sin Mann.
184
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>