Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
at han enno ikkje hadde gløymt Berta Maria. Ja at
det vonde som hadde hendt henne, det var hans Skuld!
— Ei Natt etter han var komin her upp, hadde han
drøymt so vent um henne. Han totte ho satt paa
Fange hans, og han heldt henne um Live. Ho lagde
seg tett inn til han og heldt han um Halsen, og laag
i Armane hans so mjuk og so varm. Og ho grét av
Elskhug og Sorg; han kjende det taarevaate Andlite
inn-imot sitt; han var so glad og sæl at han kysste henne.
Men ho bad at han ikkje maatte vera vond paa henne;
det galne ho hadde gjort, det hadde ho gjort av di ho
elska i Vonløyse ein, som ho ikkje kunde faa... og ho
smøygde seg tett og varmt inn-aat han. Daniel vart
hjarteleg glad; han kysste henne ein Gong til, og vakna.
Men endaa kjende han det taarevarme Andlite
inn-imot sitt, og den mjuke, mjuke Kyssen; han var varm
i Armane etter henne, og trivla ikring seg i Forundring
for ho ikkje var her.
Denne Draumen hadde livt i han sidan; og som ho
hadde vari i den, hugsa han henne; drøymde Draumen
upp-att med vakne Augo og hadde ikkje Magt til aa
drive han fraa seg. Det kunde ikkje vara lengi med
slikt Tull; men so lengi det stod paa, kunde det lite
nytte aa bele til Inga; for ho vilde nok skyna um der
var Aalvor i Leiken. Dessutan, so lengi ein ikkje hadde
Embættsprøva...
— Daa det leid ut-paa Hausten var Frøken Hanna alt
so kjend med «Kandidat Braut», at ho stundom fylgde
han, naar han var ute og reika. Daniel kunde ikkje
anna enn finne det staut, at ei Dame heldt Lag med
han; men det hadde vori vel so gildt, um ho hadde
vori fagrare. Frøken Hanna var, som Far sin, og Bror
sin, storbygd og i godt Hold, men bleik i Hudi; Andlite
var stort, Haare ljost, Augo rolege og late. Daniel gissa
183
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>