- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
186

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

klaar Maate, at Daniel aldri kunde tenkjast til aa faa
betre Grunnar i den Saki; og dei Fyrilesningane hadde
han skrivi upp. -Dessverre hadde han deim ikkje med
seg; han hadde laant deim burt til Halvor Mosebø. Men
hadde han havt deim her, so kunde han berre lesi deim
igjenom; so hadde han havt so gode Meiningar med so
klaare Grunnar som nokon Mann kunde ynskje seg i
den Saki. No var her ikkje Raad med det; han visste
ikkje kvar Halvor Mosebø budde dessmeir.

At ein ikkje kunde hava det i all Ting som i Trui: at
ein hadde det rette og sanne fastsett! Ei litande politisk
Katekisme vilde vera ein umissande Ting for ungt Folk.
Som det no var stod ein mest uppraadd. Skulde ein
tenkje utan Rettleiding, var ein som eit Skip utan Kort
og Kompas. Det kunde hende ein fekk ein god Tanke.
Men kor kunde ein vita um Tanken var galin eller
god?

Vilde ein spyrja andre til Raads, kom ein ikkje stort
lenger. Det var likso mange Meiningar som det var
Meinarar, og kvar heldt si Meining for den einaste
rette. Og alle hadde dei Grunnar i Hopetal. Det var
nok ikkje kvar Manns Sak aa finne seg til Rettes i
slikt eit Babel. —

— Slikt gjekk den unge Kandidaten i Filosofi so
mang ein myrk Ettermiddag og braut Hovude sitt med;
og han lika seg ille. Men naar han saag paa dei høge
Aasane som stod og gjorde seg fagre og klædde seg
um og um med Skydukar og graakvitt Taake-Lin, eller
paa Skogen som drog seg burt-etter Bakkane myrk og
endelaus som ei Sorg, daa tenkte han paa Huldri og paa
Berta Maria. Og han kjende slik ein sugande Saknad.
Aa, um han hadde eit Menneskje som forstod han, heldt
av han! Aa, um han hadde ei, han kunde elske! Her
gjekk han so aaleine som ein Tjuv um Natti.

186

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0188.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free