- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
187

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Men naar han kom til Kveldsborde og høyrde
Proprietæren, og stundom Lensmannen eller Presten, sitja der
og leggje ut um alle Ting, og vera so trygge i sitt, og vita
so god Greide, so sukka han med seg sjølv og tenkte:
sæle er dei gamle som hev alt uppgjort og greidt.

Lensmannen var ein gamall høg, graa Ungkar med
strame juridiske Andlitsdrag og ei Nos som ein Bløyg;
Jurist var han, og Embættsmann vilde han heite. Men
Presten var den Pastor Ring, som Daniel ein Gong hadde
raaka ut for hjaa Grosserar Helle. No var han komin
hit; og her hadde han eit framifraa godt Kall. Han
var eldre aa sjaa til no; men hyggjeleg og vyrdsleg.
At Herr Braut ikkje var Jaabæksmann var han glad
med aa høyre; «det vil ogsaa i høi Grad glæde Deres
gamle Velgjører, Grosserer Helle,» sagde han.
Gudskjelov ; Grosserar Helle var komin seg uppatt no; han dreiv
ei Forretning som alt var i god Gang; og han vilde
visst snart vera i full Velmagt. «Aa ja; Herren
glemmer ikke dem, der gjøre vel.» Daniel sat og tenkte paa,
um han kunde vera god-for endaa ein Gong aa beda
Grosserar Helle um Pengehjelp; men det fekk vera siste
Utvegen i alle Tilfelle.

Det var staut aa kunna vera i Lag med so gilde Folk
som desse. Den som berre hadde havt sine Sakir i
Orden; den som ikkje hadde havt noko aa vera rædd!
Han hadde aldri tenkt at ein Student kunde hava det
som han hadde det no. Naar Posten kom til Gards,
eller naar Proprietæren kom heim fraa ei Byferd, kjende
han seg aldri trygg; og daa Hanna ein Dag fortalde
at det skulde koma Byfolk her upp i Joli, vart han reint
uroleg. «Det kjem upp! Du skal sjaa, det kjem upp!»
sagde han til seg sjølv. Stundom gjekk han og fælte
for, at han kunde faa sjaa Namne sitt paa Prent —
jamsides med Frams — i «Den gode Borger».

187

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0189.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free