Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Men «Den gode Borger» sette ikkje Namne hans paa
Prent. Daniel maatte i det heile undrast paa, at Blade
ikkje var verre enn det var. Det hadde betre Grunnar
for seg au enn han hadde tenkt. Det inneheldt ymist
stygt mot dei folkelege, ja endaa eit Par harske Ting
mot Kapellan Hirsch; men vilde ein vera rettvis, so
fekk ein hugse paa, at Blade saag alle desse Ting med
sine Augo.
Stundom vart han tekin av den Tanken, at kannhende
var det «Den gode Borger» som hadde Rett likevel. Det
tala so myndigt og so kunnigt, og avviste dei
«folkelege» med slik Kraft, at ein mest maatte tru paa
det. Alt dette Skravle um Fridom og Folk og Aand og
Idear, det var visst Frase ? Ein fekk taka Verdi som
ho var; og det forstod daa visst «Borgeren» betre enn
Idealistane.
Men so kunde han raake Lærar Borreberg ein Dag;
eller han kom til aa hugse sine gamle Vénir og Lærarar,
Hirsch, Bliland, Haugum, Jens Rud; og daa saag han at
«Borgaren» hadde Urett. Noko Urett daa visst. Dei
andre hadde kanskje ikkje heller fullt ut Rett... aa,
den som kunde finne Millomvegen!
Det maatte vera noko som laag midt imillom her. Dei
gjekk for vidt paa baae Sidur; ein maatte kunna forlike
desse Motsetningane. Og han mintest det han hadde
høyrt av Professoren um aa «mediere», semja
motstridande Ting i «en høiere Enhed»; gjekk og bala med det
ofte. Han vilde gaa ut fraa dei Grunntankane han
hadde fraa Hirsch; so vilde han taka med so mykje
han kunde fraa «Den gode Borger»; so maatte han
ikkje koma i Strid med Pater heller; han fekk sjaa aa
koma so godt til Lags som han kunde med Fram og
Jens Rud au; for det vilde ikkje vera greidt aa bite i
Kjeppen med deim heller, um det skulde koma til eit
188
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>