- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
190

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

graae Augo. Det var fine Fiffen alt; det lyste av kvite
Kragar og Smil og blenkte av Lorgnettar og snøgge
Augo. Daniel gjek og krulla paa sitt unge Kinnskjegg
og tenkte med seg sjølv, at i dette Lage saag
Proprietæren og Son hans ut som Bøndar.

Han var ikkje lenger rædd. Um Karar som desse
visste noko, so hadede dei Folkeskikk og tagde. Og fraa
Pater hadde Student Stensrud ei Helsing som gjorde
Daniel samvitstrygg og glad. Hadde Pater ikkje høyrt
noko no, so fekk han ikkje høyre noko heller.

Dei kunde ikkje gaa til Bords fyrr Lensmannen kom.
Men det vilde vera Synd aa segja at her var langsamt.
Samrøda hadde kveikt i med ein Gong, og brann som
Eld i feit Furuved. Kva dei tala um var ikkje so beint
aa segja; det var ikkje um store Spursmaal. Men det
merkelege var, at Samrøda var aandfull like godt. Den
eine Smaavitsen kom sprutande etter den andre som
Gneistar av Staal; Ordleikar og Hermestev flaug som
Rakettar; det var ein lysande Leik med ingenting, eit
Eldverk av Ord og lette Tankar.

Daniel tok til aa gruna, der han gjekk og sveiv. Det
han her høyrde og saag, var det som han alltid hadde
drøymt um og lengta etter: Herremanns-Lage, den fine
Svingen. «Fram» og dei der inne gjorde Narr av det
som fint var og kalla det Sprik og Spjaak og tomt Fjas,
og Aslak Fjordan kunde storlæ, naar han saag ein
«Fjongfole» av rette Slage; men det kunde ikkje Daniel
lenger forstaa. Den fine Svingen var Adelsmerke.
Latin kunde kvar Mann lære, og Aands- og Hjartedaning
kunde ein alltid faa; men det som det galdt um, det
som tilslutt skilde millom Folk og Fant, det var dette
her, som Aslak Fjordan lo aat, men som «Borgeren»
kalla den formelle Daning.

Gutar som desse var dei sanne Studentar. Dei hadde

190

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0192.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free