- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
191

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

sin Eksamen paa regelrett Vis; dei hadde den
Upp-læring som ein Student skulde hava; dei var comme il
faut i det eine som i det andre. Og slike Studentar
kunde liva ideelt. Dei drakk seg ikkje fulle naar dei
vilde vera glade, og vart ikkje ville naar dei var lystige;
og kor fritt dei skjemta, dei braut aldri paa den fine
Folkeskikken. Dei hadde Aand og Vit og fin Form; alt
det dei gjorde var fagert og svingfullt; men
Bondestudentane var Bønder kvar ein gjorde av deim. Han
tenkte med Uhug paa det Studenterlive han sjølv hadde
livt. Dette tunge Staake med Strid og Politik og 01
og daarleg Toddy, det kunde vera for det det var, men
ideelt var det ikkje, og Studenterliv var det ikkje heller.

Grosserar Storr sat i Sofaen og smaaprata med
Frøken Hanna; Herrane Knutzon og Viborg hadde gjevi
seg i Drøs med Fru Storr. Ikkje i Drøs, men i
Konversasjon; og det var forunderlegt so fint som dei kunde te
seg. Daniel gaadde etter alt, so han kunde lære; og
han gjorde upp med seg sjølv, at naar han kom til Byen
att, vilde han gaa paa Danseskule.

Dei andre heldt Lag med Proprietæren. Bang Block
sat og var morosam, Becker var løgleg og kvass;
Petersen kunde og vera løgleg; men han lo aat sine
Skjemt-ord sjølv; og ender og daa kunde han sjaa taapin ut
med sin blanke Skolt og Brilleaugo og den breide Fliren.
Men naar Proprietæren kom halande med sine
Setningar, var det som naar ein Plog-Gamp vilde danse
mil-lom Cirkushestar. Keivelegt og sviplaust kom det, so
dei andre laut liksom hjelpe ’n med aa faa noko ut av
det; og daa kunde det glimte i Augnekrokane deira
som lette Skimt av Laatt eller Spott; og endaa i Ordi
tottest Daniel stundom kjenne at det sat Oddar løynde
eller laag Baktankar. Det var Gutar, som kunde snu seg!

Lensmannen kom, og dei skulde til Bords. Som dei

191

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0193.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free