- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
193

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

sagt si Meining fekk han. Domane hans fall strie; heile
Matstelle vaart var Slarvestell og nasjonal Uppøyding;
daa lyfte Proprietæren Glase sitt og bad Gjestine
velkomne til Bords.

Andre Ting kom upp. Bang Block fortalde paa sin
morosame Maate um Jolegrisen, som vaare gjæve
Fedrar steikte heil og aat med Tolekniven og drakk Porsøl
til; og naar dei var mette, kasta dei Beini i Hovude
paa kvarandre. Og kom dei rett i Godlag, so bar det
ihop med Øksir og Sverd; det var «mye til Julemoro».
Petersen fortalde Jolesegnir som han sjølv lo aat;
Proprietæren priste Upplysningi; Student Stensrud fortalde
um Folketruir; uppi Fjellbygdine trudde dei paa
underjordiske Soldatar som hjelpte Nordmennane naar det
var Krig; det var dei som gjorde at Svenskane alltid
skaut for høgt; dei gjekk usynlege fram imot dei
svenske Soldatane og lyfte Byrsepipune deira upp naar
dei skulde skjote; Daniel totte Segni var fager. Men
Storr sagde at han aldri hadde høyrt noko so norskt:
liggje paa Latsida og lite paa Trollhjelp. Lensmannen
vilde likne denne Segni ihop med den gamle um Holger
Danske; og det var vel ikkje fritt for at Danskarne
for nokre Aar sidan enno so smaatt hadde trutt paa
den Segni. «Hi-hi; ja kor var Holger Danske i 1864?»
lo Petersen. «Han var vel klok og heldt seg heime
liksom me,» svara Becker. Kremting kring Borde; so eit
stutt Ordskifte, som slutta med at me var der me skulde
vera i 1864. Daniel undrast; var det fint aa meine
so no?

Dei livde godt der dei sat; Godlage vaks. «Apropo!»
sagde Proprietæren, «kor hev gamle Jokum det i desse
Dagar?» Aa, Jokum hadde det bra. «Je traff ham for
no’en Dage siden,» sagde Becker; «Far aa je var ute
en Tur med Jaabæk...» «Med Jaabæk!» skreik Peter-

13 — Garborg I.

193

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0195.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free