Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
gjekk og masa med dette kom Daniel til aa høyre nokre
Ord, som fall millom Knutzon og Viborg nm Fru Storr.
«Hva synes du om henne?» sagde Herr Viborg. «For
meget Fedevarer,» svara Herr Knutzon. Daniel kvakk,
men tenkte han maatte ha mishøyrt seg. Etterpaa saag
han Viborg kviskre noko til Knutzon med ein Smil...
han forstod ikkje den Smilen. Men sidan kunde han
ikkje so godt like Herr Viborgs gjentefagre Andlit.
Ved Borde gjekk Samrøda med jamt aukande Liv.
Bang, Block, Fru Storr og Lensmannen tok til med eit
Ordskifte um Namne «Ribbensbærstek»; Becker, som
hadde vori utanlands, fortalde um den Kunsten aa
«skjera fyri», ein Kunst som me ikkje kunde her hjaa
oss; so kom dei i Ordkast um den rette Tidi til aa
halde Middag. Grosserar Storr vilde me skulde taka
upp den engelske og franske Skikken med Middag Klokka
6; dei andre, og iser Fru Stensrud, forsvara den norske
Middagstidi. Men Storr heldt paa sitt. Fekk ein
Middag Klokka 2—3, so var Resten av Dagen øydelagd;
Middag skulde ein hava naar ein var ferdig med
sitt Dagverk. I Arbeidstidi, Klokka 12—1, skulde ein
taka seg ein Lunch; ikkje det Grand meir. Men heldt
ein Middag Klokka 2—3 um Dagen, s o skulde ein ikkje
hava Lunch! Dette at dei tok til med Lunch her hjaa
oss med vaar Middagstid, det var... det var Barbari.
Me tok upp Skikkar fraa Utlande, men tok dei upp raatt,
umelta, utan Tanke eller Samanheng; Lunch i eit Land,
som heldt Middag Klokka 2, naar Lunchen hadde sin
Grunn og Rett i at Middagstidi var Klekka 6, skulde
nokon høyre slikt? Det var som naar Villmannen stasa
seg til med Flosshatt, men gjekk... skinnklædd elles,
og so trudde at han hadde gjort eit Framstig i Kultur.
Det gjekk ikkje lett for Storr aa faa segja det han
vilde; han trivla etter Ord og stræva med Tanken; men
192
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>