Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Greide paa —; og so fekk han Sverdordenen.
«Sverd-ordenen? naar han hadde gjort Skandale?» — Ja, for
at han skulde gaa sin Veg. — «Aa, so. Gjekk han sin
Veg daa?» — Nei, daa han hadde fengi Orden, so
maatte det vera for di han var ein god Officer, meinte’n;
og daa vilde han ikkje gaa. — «Naa?» — Ja, tilslutt
maatte dei gjeva han Olavsordenen. — Ha-ha; men
vilde han gaa daa ? — Ja; det hadde han loti lova. «Det
maa vera ein snaal Kar,» lo Daniel. Men han undrast
paa denne Sogo; kunde slikt vera sant?
Rundt Borde gjekk Prate som Rokkedur. Gleda og
Godlage vaks; det skulde ikkje stort til fyrr Laatten
rulla. Daniel kom i Drøselag han med; rødde med
Frøken Stensrud um baade mangt og mykje. Kva han rødde
um visste han knapt sjølv; berre eitt sat han og tenkte
paa: at naar han rett saag seg til, so var Frøken
Stensrud fager. —
— Dei gjekk fraa Borde og takka for Mat; der var
Laatt og Liv og mykje Gaman. Alt gjekk fritt; men
endaa var alt fint. Og Daniel kjende med veksande
Mod, at han greidde seg i Lage. Han høyrde med. Frons
urbana skulde han trass i alt vinne.
Attum seg høyrde han ein segja: «d’er bra Kar,
Proprietæren.» «God Vert!» vart det svara. Daniel saag
seg ikring; det var Knutzon som stod og rødde med
Viborg. «Han kunde alltid ha no’e mer her,» smilte
Knutzon og peika upp-mot Panna si; «men enfin; naar
man har Grunker...» — Fridom med alle strenge
For-mir; so maa det vera! tenkte Daniel. I det same kom
Proprietæren svingande vinraud og glad: «lidt Déssert,
mine Damer og Herrer?» Naah; Proprietæren naadde
ikkje upp. Men Borni hans ...
Ved Ettermaten var Samrøda meir ihuga, meir
aalvor-sam; dei tala um «Befordringsvæsen». Og her fekk
195
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>