Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Daniel høyre det han ikkje hadde tenkt: at fine Folk
og kunde rive ned paa dei magthavande. Det vart
fortalt Ting um desse som Daniel mest fann utrulege; og
det var forunderlegt, at ikkje «Bondevennen» hadde
dregi fram slikt. Men Lensmannen og Proprietæren
forsvara Magti, og der vart ein heil Ordstrid; Grosseraren
sat og tagde og halvsmilte. Becker sagde, at naar ein
saag paa dette «Befordringsvæsen», so kunde ein Skam
mang ein Gong faa Hug til aa slaa seg til Opposisjonen;
for ein Opposisjonsmann, ein Sakførar eller slikt, vann
seg jamt snarare fram enn ein Departementsmann. «Ja,
he-he-he!» lo Herr Petersen, «naar ikke de
oppositionelle var slike Bakbæst som de er!» No laut
Proprietæren og læ so smaatt; men Knutzon snudde seg braadt
til Daniel og sagde: «ja Di er vel ikke opposisjonel,
Huslærer?» — «Ne-nei,» stota Daniel og raudna.
Etter Middagen gav Fru Storr Musik. Det var stor
Musik; Daniel forstod ikkje det Grand, men klappa naar
dei hine klappa. Alle saag dei gode og fornøgde ut der
dei sat og røykte og kvilte og melta Maten, mette og
late som Gudar. Men Lensmannen og Endre Storr sat
i Sofaen og smaaprata, venteleg um Musik.
— Ja; soleis kunde ein hava det, naar ein var rik.
God Mat og Drykk; Fred og Ro og godt Lag; Venir og
Vyrdnad og alt som vel var. Og det um ein so ikkje
hadde meir Vit en ein turvte. Tru det var sant at
Proprietæren ikkje var noko fløgd? Han saag ut til ymist.
Men kva gjorde det, naar han var rik?
Den som trong Hjelp av Folk, han maatte vera vitug,
og h a n maatte vera god. Og snild. Som eit röti Egg
maatte han gaa Folk under Augo; han maatte vita aa
bøygje sin Rygg um det so var for ein Grindstolpe.
Men den rike var fri Mann. Han var like gild og gjæv
um han so var ein Tosk; ja um han var ein Svinepels,
196
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>