- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
214

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

sagt kjende likso godt som han»; ja tiet var ikkje
Daniel, som vann i den Striden. Men han visste at
Storr hadde Urett; Grunnane fekk han tenkje ut
etterkvart. Storr hadde Urett i det heile. Det som han for
med, det var paa tvers mot alt det Daniel hadde høyrt
og lært; heile Samfunde, fraa Kapellan Hirsch til Dølen,
fraa Professor Darre til Fram, vilde samrøystes
fordøme slik Materialisme.

Han var ikkje so bundin av sine gamle Autoritetar
heller som fyrr. Han tok til aa skyna, at ikkje alt som
glima var Gull; naar endaa ein Mann som
Folkehøg-skulelærar Meier kunde vera ein aandeleg
Næringsspeku-lant, so var det ikkje godt aa vita kven ein skulde
tru; «Den gode Borger» laug kannhende mindre enn
Folk tenkte. Kven kunde t. D. vita, um Kapellan Hirsch
var slik ein Mynstermann som han galdt for? Hadde
han ikkje ein Gong reist ifraa ein Gjerning, av di han
ein annan Stad kunde faa nokre Hundrad meir i
Aars-løn? — Nei, nei; um Hirsch vilde ikkje Daniel tenkje
slikt. Men dei andre, — kven kunde han stole paa av
dei andre?

Av Fru Louise hadde han høyrt, at Kjærasten til
Hans Haugum skulde vera ei Gjente paa sine 10 000.
Kven skulde ha tenkt, at Haugum hadde slik Sans for
Pengar? Og kven kunde vita, um ikkje han for dei
10 000 Dalane hadde selt og sviki — sin Ungdoms Ideal ?

Fru Louise hadde sagt, at Haugum var ein Mann som
hadde Lykka med seg. Hm ja; paa ein Maate. Det
hadde ikkje vori ille, um Inga Holm og hadde vori rik;
det hadde vori ein greid Maate aa koma ut av
Armodsdomen paa. Eller... um ein hadde havt eit anna Ideal ?
Det var i Grunnen tankelaust aa binde seg, fyrr ein var
so gamall at ein hadde eit Grand Greide paa Verdi.

Han tottest tydeleg forstaa, at Hanna ikkje hadde

214

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0216.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free