- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
213

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

xn.

Joli vart lang og strid.

Det gjekk med Toddygilde og Matlag Dag etter Dag
Bygdi rundt, og Nattevaking og Dans innimillom; det
var ei Turing som Daniel ikkje hadde set Make til;
Endre Storr sagde paa sin Maate, at det var
«Villmannen, som rasa». Han og dei andre Bykarane heldt elles
ikkje lengi ut; dei drog til Byen att strakst yvi
Jole-dagane.

Men Daniel totte det stod godt til. Dei fine Herrane
hadde vori rimelege mot han sidan; og han var stød
paa at dei ikkje visste noko. Og Joleturingi skulde han
alltid klara. Han var som i Himilrike no mot ifjor dette
Bile, daa han gjekk der inn-i Byen og svalt.

Kor godt han i Røyndi lika dette Jolelive her, det
fekk han best vita daa det tok Ende. Det var reint
vondt aa gaa i Veg att med Striskjorta og Havrelefsa;
og daa han fyrste Gongen skulde til med Smaagutane
og høyre deim i Tysk, var det so han kunde rømt til
Skogs, so leid var han. Aldri i Verdi heldt han dette
Stræve ut. Han kjende det so vel, baade den Dagen og
sidan.

Ein Hugnad hadde han, og det var den, at Skjegge
hans tok seg godt upp. Og so var han visst i det heile
meir sjølvstenlig no enn han hadde vori. Han hadde
ikkje lenger slik Owyrdnad for Proprietæren. Og den
munnsterke Endre Storr hadde ikkje kunna rikke han
i hans gamle Tru paa Aand og Ide. Han hadde ein Dag
vaaga seg i Ordkast med denne Mannen. Vilde
Grosseraren v e d s t a a den Setningen — hadde han spurt
—, at det berre var dei rike som kunde vera upplyste?
Til dette svara Grosseraren ja. Og han hadde
Autoritetar for seg, Tenkjarar «som Herr Kandidaten sjølv-

213

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0215.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free