Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
flat og lang i Andlite. Fjos-Kar! Og so skreiv den
Slampen so modigt som han skulde ha funni Gull...
rødde um Politik; um den amerikanske «Fridomen»;
her var so fritt her, skreiv han. Ja visst. Det skreiv
dei alle. Det var noko Tøv. Her var Skam Fridom nok
i Norig med; den, som berre hadde Pengar ... Daniel
lagde Breve ifraa seg; Amerikavekselen var nok ikkje
noko aa drøyme um.
Dess meir drøymde han um Byen og um den formelle
Daning. Ein Ting kunde han skaffe seg strakst, som
vilde hjelpe paa det formelle, meinte han; og det var
Brillur. Han tok til aa jamra seg yvi at han vart veik
i Augo; og daa Proprietæren reiste til Kristiania i
Marknaden, fylgde Daniel med til aa søkje Raad for dette;
og Brillur fekk han. Det hjelpte svært. Brillune tok
burt noko av det godslege i Andlite, lagde ein kald
Glans yvi det, som gjorde det strengare; Daniel spegla
seg og fann ut, at naar han no berre fekk større Skjegg,
so skulde ingin kunna sjaa at han hadde vori Bonde.
Paa denne Byferdi fekk han sjaa att eit Par gamle
Kjenningar. Han sat ein Kveld inn paa ein Hotel-Kafé
saman med Student Stensrud, Endre Storr og Knutzon;
so kom det nokre Karar og sette seg ved eit Bord nære
ved og gav seg til aa drikke Toddy; ein av deim var
ukjend; dei andre var Aslak Fjordan, Gregus Johnsen
og Strand. Dei var visst alt paa ein Lette; og noko
fjonge saag dei ikkje ut; Daniel snudde seg ifraa deim;
i hans Lag no vilde dei ikkje høve.
Storr sat med ein Raudvinpjolter og lagde ut um, at
Marknader var ein Uskikk; Knutzon lagde imot, og
Daniel totte han hadde rett gode Grunnar. Men endeleg
rauk Knutzon; kunde ikkje klara seg mot Storr. Daa
fortalde han rolegt, at det han her hadde sagt, det
hadde han fraa ein Mann som Grosserar Lampe; og ein
216
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>