Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
skulde daa tru, at d e n Mannen visste kva han sa. Hm,
so slike Folk og kann vera usjølvstendige! tenkte
Daniel; han lika seg. Men at dei hadde Mod til aa vera
ved det!
Storr dreiv paa med Nasjonaløkonomi. Han banna
Bøndane, som hogg ut Skogane sine og dermed øydde
sin eigin og Landsens Kapital; men kannhende maatte
me bli Fant, so me vart nøydde til aa lære aa arbeide.
Det me helst hadde livt paa fyrr, Skogen, Skipsferdi,
Fiske, det var for mykje Lütspél, gjorde oss til
Drøymarar, lærde oss laak Moral. Der gjekk Folk burtetter
Havkanten og sette alle sine Spareskillingar i
Skips-partar eller Fiskedrifti: slog det godt til, so tente dei
Pengar og sette dei i andre Skipspartar; gjekk det
so gali, so ramla heile Stasen; og dei stod att med tvo
Hendar tome; der var ei Griindung utan Underlag; det
maatte ende med Armod. Men det verste var, at det
øydelagde Framtak og Viljekraft. Folk lærde seg til aa
lite paa Slumpelukka; vilde bli rike i ei Snøggvending,
drøymde i Staden for aa arbeide; grov etter gamle
Skattar eller tok Skjerp paa Svovlkis og Kraakesylv...
Sjølve Religionen vart bruka til aa lære Folk upp i
denne Villmannskapen. Prestane gjekk og preika for
deim um at dei skulde lite paa Vaarherre og ikkje
syte for i Morgo; det var syndigt aa stræve etter
Rikdom; ein skulde vera «fornøiet i sin Kreds», liva som
Fuglane i Lufti... kunde ein vente noko av eit Folk
som vaks upp med slik Lærdom? Det vart eit Folk
av Letingar og Drøymarar. Gjekk og sleit, so vidt det
heldt Live i seg, men lenger kom det ikkje. Kunde
ikkje Vaarherre gjera so vel at han lét deim finne ein
Gullklump i Aakeren sin? Kunde ikkje Vaarherre sende
eit rikt Fiskje, gjeva gode Fragtir; lata det regne med
Tolvskillingar, snøe med Dalarsetlar? — Studentane lo;
217
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>