Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
vende seg og taka Live aalvorsamt; og daa vilde Hanna
vera serskilt høveleg. Inga? Ja, men naar han ikkje
fekk Pengar, so vart han gangande her i alle sine Dagar,
vart gamall Student eller Skulemeistar, og kunde ikkje
gifte seg med henne kor som var. Kor visste dessutan
han, at Inga Holm brydde seg um Daniel Sørbraut? Det
heile var noko Tøv; Barnedraumar, Guttegrillur; naar
det kom til Aalvor i denne Verdi, so kunde det nok ikkje
nytte aa hefte seg burt med sovori.
Oftare og oftare tenkte han paa dette; men med
Friar-breve vart det inkje av. Kvar Gong han skulde til,
misste han Hügen. I Staden tok han til aa spara.
Ein sur myrk Vinterdag flutte han utpaa
Hægde-haugen og leigde seg inn i eit Kot til halv tridje Dalar;
sidan bar det i Veg med «Middag paa Dampen». Det
var hardt aa gaa paa det no. Naar han kom inn i den
store myrke Matsalen, var der ei Matlukt so ram og
stram, at han vart mett med same; og so var her so
«folkelegt» og fælt. Klokka vel 2 kom Armodsdomen
fraa Skulane og Universitete strøymande; ikkje minst
alle desse Smaafolkssønine som studera ... han hadde
aldri fyrr visst at dei var so stygge. Og han kjende Lukt
av Hybelen, av gamall Tobaksrøyk og Parafin, av
Kaffi-maskinar, Hushaldsbraud, Pultost; og han saag
Minningar av all den Vesaldom som fylgjer med, naar tunge
Arbeidskraftir sét seg til og les, i Staden for aa slite
og arbeide i den friske Lufti. Sjølve Maten smaka
«folkelegt» her; han maatte ha vori fælt demokratisk i
den Tidi daa han lika denne Kosten. Ender og daa saag
han Kjenningar som han ikkje vilde raaka, slike som
Hærland eller Fram; dei saag endaa skralare ut enn
fyrr, totte han. Serleg Fram; han var lang og losliten
og mager, med eit langt Lurvehaar ned-yvi Øyro og
Akslir, so han saag ut som ein Kommunard; det var
243
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>