- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
242

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

altera pars» — ha-ha —; skreiv so eit Stykke i
«Bondevennen» imot seg sjølv so Busti fauk, og fekk Pengar
baade i «Posten» og i «Bondevennen». Ja, ja! kva
Fanden gjorde det? Kunde det ikkje vera det same for dei
Fillebladi kven som skreiv, berre det var godt skrivi?
— Jau; Daniel kunde ikkje motsegja det; han lika i
Grunnen denne djerve Karen som var so lite Partimann.
Men Enden paa Visa var: laana meg ein Dalar.

Det vart snart so smaatt for Daniel, at han laut til aa
laane att sjølv. «Studenterlive» vart det daa lite av med.

Han var aat aa koma i Lag med Olai Juberg og hans
Jamlikar, Karar som hadde Greide paa baade
Studenterliv og Kristiania-Romantik; og slikt burde ein lære aa
kjenne, meinte Daniel. Men Pengar laut til; og kvar
skulde ein taka deim. Kapellan Hirsch hadde sett han
reint paa Svelteforing her inne.

Naar han um Maanadsdagen fekk sine tie Dalar, var
det berre so vidt han fekk stogge dei verste
Kravsmen-nane; so var han snaud. Han gjekk som inni ein stor
Ring av gamall og ny Gjeld, og Ringen drog seg meir
og meir ihop, og tettare og tettare inntil... han saag
godt at dette ikkje lengi vilde greide seg. Og so kunde
han kvar Dag vente at Jens Rud kom og baud han
Arbeid, fælt, aandlaust Skulearbeid ...

— Skulde han gjera seg uvyrdin og béle til Hanna?
Ho var ikkje stygg. Ho hadde endaa havt Løytnantar
til Friarar... Og so hadde ho Daning; var Dame. Ho
kunde spéla Piano. Og hadde Sans for Poesi; ikkje so
lite Sans for Poesi. Og kunde laga Mat attpaa. Gjorde
han det, so kunde han faa Pengehjelp av Proprietæren;
han kom med ein Gong ut av all si Skuld og Naud, og
kunde endeleg ein Gong faa liva eit Par glade
Studenteraar ...

Naar han vart eldre og fekk Embætte vilde han um-

242

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0244.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free