Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
klaart. Den raae Hopen vilde at alt skulde vera Hop;
og so laag dei og nivellera og nivellera og vilde røre
allting saman i ei Surpe. Det var komi so vidt, at
Bondegutar gjekk her og gjorde Narr av
Embættsmen-nane ... og dei hadde Rett paa ei Vis: Embættsmennane
var ikkje lenger det dei hadde vori. Men slikt dugde
ikkje lenger. Noko maatte der vera i eit Samfund som
lyfte seg upp yvi Mugen; noko maatte der vera som
var stort og ædelt og hadde Glans og Autoritet; ein
Statstenar og hans Yrkje maatte staa som noko høgt
og heilagt; Embættsstande var det einaste som kunde
liva eit Aandsliv her hjaa oss; den akademiske Daning
var Ideens Presteskap; og det var uforsvarlegt at Ideens
Prestar svalt. Men Folke skulde arbeide, arbeide og
tena Pengar. Daa vilde alt bli hyggjelegt og godt som
i gamle Dagar; Skillingspolitiken vilde døy, og den
gamle Odelsbonden vilde paa nytt koma til Magt i
Norigs Dalar.
Han saag det so klaart! og saag det i slik ein stor,
blaanande Samanheng; det var den største Tanken han
hadde havt. Og no tenkte han sjølvstendigt. —
— Ein Dag etter Nyaar kom Jens Rud og baud Daniel
Arbeid. Hærland hadde vorti sjuk og maatte faa ein i
Staden sin ei Tid; 14 Dagar eller so; ein fekk vone at
det ikkje vart lenger. Daniel vilde og vone det. Han
tok imot Tilbode med ein Takk som ikkje var svært
varm.
Og Arbeide gjekk som han tok det til. Gutane var
vrange og leide og Skulearbeide aandlaust; Timane vilde
aldri taka Ende; han kunde stelle seg so eller so. Karl
Magnus, som var Lærar ved same Skulen, var ’n
stundom til Hjelp; men kvar Dag, naar han trøytt rusla
heim fraa Skulen, svor han med seg sjølv paa, at no
vilde han skrive til Hanna Stensrud. —
245
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>