- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
246

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Han laut halde ut paa Skulen ein heil Maanad. Og
so snart han var fri og hadde fengi Løni, so kom
Rekningane. Rekningar i Rad og i Flokk, og Kameratar
han hadde laant av, og Peder Monsen og Bent Bu som
vilde laane ...

Daa Daniel paa ei Vis hadde klara alt dette ifraa seg,
kom Postguten med eit Brev. Daniel reiv det upp i
uvisse Vonir—: det var fraa Jens i Larsebakken. Denne
hadde spurt, at Herr Braut no skulde ha fengi ein god
Skulepost; Bakke vilde daa ynskje Herr Braut til Lykke
med denne. Elles vilde han segja at han hadde havt
ymse Pengetap i seinare Tid... vilde vera svært
takksam ... berre eit lite Avdrag kvar Maanad ...
«Mold-træl!» murra Daniel og slengde Brevet.

— Det gjekk ikkje for seg, dette her. Han saag, at
han ikkje klara seg. Han kom snart so djupt i Gjeld,
at han fekk gaa og træle i alle sine Livedagar berre
med aa betala. Skulde det bli løni for alt hans lange
Stræv, at han skulde liva si Tid som ein ufri Mann, aldri
bli Sjølveigar, alltid slite for andre? Kannhende naadde
han ikkje so langt som til Embættseksamen dessmeir...

Og so at han skulde taka Hjelp av Kapellan Hirsch,
— denne Aandsmannen, som til Takk for Hjelpi vilde
hava han med for ein Svelteskilling paa eit Arbeid som
Daniel ikkje lika! Det var ein ulidande Ting aa vera
hjelpt fram i Verdi av andre. Det var som ein hadde
selt Sjæli si. Alt det ein var og vart, det hadde ein
andre aa takke fyre; og dei Karane, dei kravde sin
Takk! Ein hadde ikkje fri Rett yvi seg sjølv; maatte
hugse paa at Per og Paal vilde hava Glede av Pengane
sine; og Kapellan Hirsch vilde hava meir, han. Daniel
tenkte seg harm paa dette. Han vilde ikkje gaa soleis
lenger; han vilde forlova seg og vera sin eigin Mann.
Proprietær Stensrud sagde visst ikkje nei, naar han
høyrde at Friaren var ein Mann med sjølvstendige Mei-

246

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0248.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free