Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
I.
Festsalen i Kristiania Arbeidersamfund var i sin beste
Stas, med Barkransar og Flagg rundt alle Veggir og
mykje Ljos. Det var Haustgilde.
Musiken blés- upp; Valsen gjekk i Gang; Salsgolve
tok til aa disse under dei dansande Føtane.
I lange bugtande Radir, i svivande og svingande
Kvervlar og Flokar sopa det av Stad. Varmen steig;
Lufti tetna og tyngdest; stod snart som ein graa Eim
mot det heite Gasljose.
I Døri millom Salen og Restaurasjonen stod Maalaren
Bjølsvik, høg og bleik, med Hestelugg og Helteskjegg;
han glodde kald-øygd ut-yvi all denne Stimen og ynskte
med seg sjølv, at han var Doktar eller Skomakar. For
det maatte bli «møe deili Tæring», og «fælt møe
ut-slidte Skosaaler» av dette her, naar dei fekk halde paa
til i Morgo tidleg.
Maalaren Bjølsvik dansa ikkje; og med sine 28 Aar
heldt han seg for god til aa lære. Han hata Dansen
dessutan; og iser kunde han undrast paa Kvendi. At
dei vilde hoppe ikring paa den Maaten Time etter Time,
det var meir enn Bjølsvik forstod; men Fanden fare i
deim, dei var nok ikkje so mykje likare enn me endaa,
naar det kom til Stykke.
Hadde endaa ikkje h o vori med. Ho som var so rein;
ho, som med sine syttan Aar kunde tala so strengt um
255
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>