Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
dei fæle Mannfolk. Han skulde jagu segja henne si
Meining ein god Dag; den snilde Frøken Dagmar skulde
faa vita kva han tenkte um slik Humbug; sidan kunde
ho gjera som ho vilde for honom; han var ikkje gift
med henne.
Bjølsvik var i Ulag i Dag, urven og leid,
«andendags-nervøs»; og det var daa som berre Dævelen, at det
ikkje skulde vera Folk aa finne paa denne Sjappa, so
mykje ein kunde faa seg ein ærleg Buttel 01. For 01
maatte han ha i Kveld, og Folk maatte han finne;
«Samvittiheda» var fælt vond etter den Hikstoria i
Gaarkveld, og tyrst var han som den rike Mannen i
Helvite.
Han dreiv ut gjennom Restaurasjonen endaa ein Gong
og saag etter; men nei. Ikkje ein Kjeft. Der sat
Skræd-darar og Skomakarer i bataljonsvis, og disputera um
Statsraadsak og Parlamentarisme som det aldri i sine
Dagar skulde ha gjort anna; men ein ærleg Maalarklatt,
eller berre ein skarve Literat — fanst ikkje.
Bjølsvik banna den Dagen daa han vart fødd.
Han tenkte paa aa gaa sin Veg. Ein fekk sjangle
uppi «Fallgruben»; der sat dei vel heile Hurven. Daa
dukkar med ein Gong fram or Folkestimen Maalaren
Blytt, rak og rask og nervøs, smilande under sine
Bril-lur og det bikende svarte Heilskjegge.
Dei tvo Bandittane stana upp og saag paa kvarandre.
Og dei smilte til kvarandre, og riste paa Hovude til
kvarandre, og drog paa Aksline. «Mh? mh?» sa Blytt,
«naa! Takk for igaar, for igaar!» «Takk sjøl for igaar,
du Syndens Træl,» svara Bjølsvik i Bass, og dei tok
kvarandre i Framlabbane so det knaka.
Inn gjenom Restaurasjonen bar det, heilt inn i det
Rome der Disken var. «Du,» sa Bjølsvik, «du kan tru
Sanvittiheda har været krakilsk i Dag, du. Je maatte
256
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>