Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
han heim seint; og var visst full. Daa ho kom upp med
Kaffien Sundagsmorgonen, sov han so tungt at ho tenkte
ho fekk vekkje. Det kunde ho lati vori; ho kunde visst
kor det vilde gaa. Ho kunde ho ropa paa han; ikkje
teki han i Armen og ruska i han, som ho gjorde. Ho
kunde vita han tolde ikkje slikt. Men ho skulde no
alltid vera jaalut. —
Aa Gud, aa Gud; kva skulde ho finne paa no. Og so
dette andre, som ho alltid gjekk og fælte for. Men kvi
skulde det ikkje gaa godt no so vel som hin andre
Gongen? Ho hadde havt meir med Frithjof aa gjera enn
med denne. Og endaa var det likare daa; for dei var
forlova; og han var eit Arbeidsmenneskje som ho paa
Lag. Aa Gud; kannhende skulde Straffi koma no baade
for det eine og det andre. Og kanskje for det Fanterie
heim-paa Bygdi og. So kunde ho gaa i Akerselvi. Kruse
var ikkje so snild heller no som han hadde vori; i den
siste Tidi hadde han vori so rar so. —
Uh! der var Frua. Upp som ei Staalfjør; for og
fumla; skulde hava noko aa stelle med...
Frua kom stigande som vanleg, breid og lat, stirande
med vassne blaakalde Augo, liksom ho allstødt gjekk
med Mistankar.
«Aassen er det du ser ut? Er du syk?» sa Frua.
IV.
Det var svært so kaut og kry som han hadde vori i
seinare Tid, Laurits Kruse.
Han tok nok til aa raa or no. «Han spenner i Gada
som en Kommandersersjant,» sa Mandaliten Holmeland.
Og so vilde han alltid tala um Gjentur.
Georg Jonathan, som vart gjesta av Laurits oftare
287
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>