Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
henne. Han bruka Filtsko. Og det var ein Dag ho hadde
innbilt seg, at han fylgde etter henne. Aa, aa; han
hadde visst gjort det. Ho stunde høgt.
Men det var ikkje anna enn ho kunde vente. Slikt
gjekk aldri lengi godt. Og so som ho hadde gjengi der
uppe og valudert baade seint og tidleg. Men det var
som hin Mannen reint fekk Magti med eit Menneskje,
naar ein fyrst gav seg yvi. Ho hadde funni paa aa
setja uppaa Lofte alle Slags Ting som ho rett som det
var maatte hava; so hadde ho Ærend der upp snart
sagt naar som helst. Det var so godt aa vita kvar ein
hadde sine Ting, hadde ho sagt til Frua. Jau; no fekk
ho nok vita kvar ho hadde sine Ting. For ein aat som
eit Svin, vart ein sparka ut som eit Svin; det var
ventande, og visst ikkje for mykje.
Men det var han som fekk ha Skuldi. Ho kunde godt
ha lati vore, ho for sin Part. Men so totte ho Synd i
denne Guten, maa-tru. Han var so snild; og ein ven
litin Gut; og gjekk alltid med slikt fint kvitt Ty um
Halsen og Hendane. Det andre var ikkje so rart; men
naar han fekk det paa seg, saag det nokso sjangtilt
ut likevel. Og ho saag so godt at han var glad i henne,
men ikkje torde segja det. Augo hans var so rare i
den Tidi; dei fylgde etter henne og liksom bad.
Stakkars Gut; det var visst ikkje for godt; han var i ein
streng Alder, daa Kjærlegheita er som Eld og Glod.
Gjekk han til andre, so kunde han snart vera øydelagd;
so mykje visste ho. So hadde ho havt vondt av han,
Naut som ho var. Ho fekk nok svide for det. Og endaa
hadde dei ikkje havt med kvarandre aa gjera meir enn
desse faae Vikune; det var ikkje lengi.
Ho hugsa altfor godt fyrste Gongen. Ja fyrst den
Kvelden daa han kom fraa Arbeidarfesten; daa skyna
ho nok —. Men so Laurdagskvelden etter, daa kom
286
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>