Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
noko vidare i Vegen med Verdi. Han saag klaar Dag kvar
han snudde seg. Der var sumt som ikkje var som ein
kunde ynskje; men ein klara seg alltid. Berre ein hadde
ei som heldt av ein, og heldt av ein so at ho gav seg heilt.
Gjorde ho ikkje det, kunde det lite hjelpe. For daa
tenkte ho mest paa seg sjølv, daa. —
— Det var det raraste han hadde røynt. Aldri kom
han til aa gløyme hin Sundags Morgonen, daa dette
merkelege hende.
Det var noko so reint anna enn han hadde tenkt og
drøymt. Ingen Helvites-Eld; ikkje noko sjukt eller stygt
Kva var det som skulde vera stygt? Dei som kalla det
Synd maatte ha drøymt det og ikkje livt det.
Mange slike ville Tankar hadde han tenkt, som han
gjekk der den Sundags Formiddagen, glad og lett,
gjen-nomglødd av ein Elskhug som var utan Pine eller Skam;
og han vart aldri ferdug, gjekk og stelte og klædde seg
og «pynta seg til Brudgom»; men stundom saag han seg
i Spegilen og sa til seg sjølv med eit lystigt Smil:
Laurits, Laurits, du er ein stor Syndar.
Det var ei Kjensle av Ungdom og Helse, av Manndom
og Mod, som han aldri hadde havt. Han var glad i
Gjenta. Ho var ven. Som ho var daa ho kysste han og
gjekk: Kinni i fin, varm Bløming og Augo i djup, mjuk,
vaat Glans, var ho heilt-upp fager. Det var ikkje sant
at ein Mann vart leid av ei Gjente so snart han hadde
naatt det han vilde. Herregud; ho hadde gjort
dette-her, og det var gali; det var visst nok; men det var
daa ikkje noko som han kunde h a imot henne for.
Han hadde berre gode Tankar for henne.
Ho var ei simpel Gjente, stakkar, og han kunde ikkje
elske henne som — som den han skulde ha. Men ho
venta ikkje slikt heller. Det hadde ikkje vori eit Ord
um Giftarmaal. Ikkje um Kjærleik dessmeir. Dei tala
290
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>