- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
291

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

vel ikkje so mykje um slikt, desse fraa Lande. Men ho
visste so mykje, at ein kunde vera glad i einannan um
ein ikkje gifte seg. Ho var ei vitug Gjente.

«Æra.» Ho skulde ha mist Æra si. Laurits forstod
snart ingin Ting no av det han hadde høyrt og lært.
Kunde ein ikkje likso godt segja at det var ærlegt gjort
av Gjenta aa gjeva seg, naar ho var glad i ein Gut?
Visst var det, at ho hadde ikkje tapt noko av Æra si i
hans Augo; og andre skulde ikkje faa vita um det.

Dersom ho endaa hadde gjort Gjerningen med sin
gode Vilje! Men ho hadde visst stridt imot det beste
ho hadde kunna, stakkar. Ja ho gjorde baade grét og
bad. Men han var galin; ingin Ting kunde frelse henne.
Det hadde vori ein Augneblink at Samvite hans vakna;
han totte Synd i henne og var paa Veg til aa sleppe
henne. Underlegt Stell. Hadde han gjort det, hadde han
visst komi til aa trega det alle sine Dagar.

Og ho stridde imot enno. Han vart mest leid av det
stundom: skyna ikkje kva det skulde evara fyri. Ho
visste ho maatte gjeva seg tilslutt likevel; «du
magt-stjæler mej,» sa ho. Nei; det var nok han sjølv som
var Syndaren; skulde han misvyrde nokon, maatte det
vera seg sjølv. Men det lærde han nok ikkje paa lengi.

Det var berre ein Ting han hadde aa ræddast fyri: at
Vertsfolke hans kunde faa Greide paa det Live han
førde, og so gaa til Morbror Broch med det. Men so
lettvis og likesæl var Laurits Kruse no, at han ikkje
trudde han skulde bry seg stort um det heller. —

— Berre Solskin skulde han likevel ikkje hava yvi
denne Elskhugsleiken sin.

Det gjekk godt ein Maanad eller so; men daa var det
ein Kveld det hende noko forunderlegt.

Helene gjorde Motstand; lét seg ikkje magtstela. Ho
gjorde Motstand paa ein so handfast Maate, at vesle

291

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0293.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free