Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Ho kunde staa imot! Han raadde henne ikkje; ho
gjorde som ho vilde; det var ikkje han, som —; snarare
var det ho, som —! Py!
Ho var eit laakt Kvinnfolk; eit simpelt Menneskje.
Og henne hadde han vori Vénir med Slik ein
Tenkje-maate som ho maatte hava — ikkje med ei Eldtong
skulde han ha røyvt henne!
Ho trudde ho kunde fara med han som ho vilde, ho.
Han, han — han! — havt til Narr av ei slik ei! Som
ikkje var vakker dessmeir!
Men ho skulde koma etter, at det var ikkje paa den
Maaten meint. Ho skulde faa merke kven ho hadde aa
gjera med. Heretter vilde han ikkje sjaa henne. Laatst
som ho ikkje var til. Aldri eit Ord til henne. Aldri eit
Augnekast. For honom skulde ho vera Luft. Luft! Det
var endaa vel, at han hadde lært henne aa kjenne i so
vidt god Tid.
Stort fleire var ikkje Tankane hans; men som eit
Humlebøle surra dei rundt i hans arme Haus, rundt,
rundt; alltid dei same, uppatt og uppatt, til han vart
reint trøytt. Aldri i Verdi hadde han tenkt slikt um
henne; men no visste han kven ho var; og no aldri meir
ein Tanke paa dette Menneskje som han hadde dikta
um til ei Kvinne. —
I fleire Dagar heldt dette paa.
Helene laut læ med seg sjølv, naar ho saag kor
aal-vorsamt han tok det, Studenten. Han var nok svært
taapin i visse Ting. For henne kunde det elles vera det
same. Det vilde vera godt um det vart slutt no; enno
trudde ho ikkje det var hendt noko. Men han kom nok
snart att; og so vart det det same; ho visste um det.
Mannfolki heldt aldri lengi ut; og Kvinnfolki var snilde
og faavise. Og so gjekk det ut yvi deim til Slutt for
det meste.
293
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>