- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
292

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Laurits ikkje kom nokon Veg. «La’ være; Dere raar
saa ikke med mej allikevel,» sa Helene.

Laurits vart forfjamsa med det same; so vart han
vond. Han var Mann og kunde ikkje gjeva seg for
henne; gjorde ho Tingen til eit Magtspursmaal, so
maatte han vinne; han kava og stridde som det
galdt Ære eller Liv.

Men nei. Ho hadde Armar som Jarn; og daa ho totte
han vart for ihengin, tok ho seg paa Tak og slengde
han ifraa seg som ein Vott; «nei stopp!» sa ho. Og det
var ikkje fritt for at ho slog med Nakken, daa ho strakst
etter svinga ut gjenom Døri.

Der stod Laurits.

Det runde snilde Andlite vart blaatt i Hudi med rengde
Drag. Munnen stod opin; Augo stirde og var liksom
ikkje med fullt Vit; Haare klabba seg vaatt nedyvi
Panna. Han saag reint daarleg ut. Kragen var
upp-rivin, Vesten like eins; heile Kroppen forpjuska og
bøygd, som tyngd av ei Livsskam.

Det var ei Stund han ikkje røyvde seg; vilde liksom
ikkje vita um at han var til. Han skjegla ikring seg
med Tjuveaugo; han lydde etter kvar Ljod, so Øyro
liksom tøygde seg; med ein Gong luska han burttil Døri
og stengde seg inne.

Og saa for han heile Kvelden og halve Natti att og
fram paa Golve kokande av Sinne.

Han forstod ikkje dette.

So flat hadde han ikkje kjent seg i sitt Liv. Og so
sinna visste han ikkje av at han kunde vera.

Det brann i han som Eld; det saud og sveid som Eiter;
det kom i harde, vonde Tak so han skalv av det, so det
svimra for han; det var eit Sinne som kunde taka Vite.

Og so ei Skam som aat og aat, gnog i Innvolane, skaut
seg upp i Andlite som heite myrke Blodskuggar...

292

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0294.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free