- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
297

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

henne svært vondt, at Frida ikkje i denne Saki var heilt
ut ærleg mot henne.

Og av Hjarta ynskte ho, at det ho trudde ikkje maatte
vera sant. Ho hadde so ymse Tankar um den Sakførar
Falch; og i alle Tilfelle totte ho ikkje det kunde haste
med Frida. So gjekk Dagmar paa lange Turar og friska
upp-att for henne alt det dei hadde havt uppe um ædle
Kvinnur og fæle Mennar baade i Vaar og sidan; og
Frida hjelpte sjølv til, so Dagmar stundom ikkje visste
kva ho skulde tenkje. Det kunde slutte med, at dei
lagde Armane um kvarandre og kysste kvarandre, og
kviskra til kvarandre, um ikkje dei tvo skulde hava
Bryllaup paa ein Dag.

So var det ein Gong at Frida sa si Meining beint ut;
og det var den, at fyrr ho vilde slite sine Dagar som
Læremor og Møykjerring, fyrr vilde ho gifte seg med
ein Vognmann.

Det var ein Dag i Desember. Lufti var graa, og det
tok til aa vintrast; men det var ikkje kaldt. Det berre
blés noko; og det saag heller ufjelgt ut uppe millom
dei store opprivne Skyine.

Dei kom halande ned Bogstadvegen, nedanfor
Major-stogo, der Vinden strauk so godt yvi den vide Flata.
Det var strævalt aa koma fram; Vinden blés Kjolane
inn millom Føtane paa deim for kvart Stig. Dei livde
Kinni sine, raude og friske som dei var, med Muffur av
graabrunt Pelsverk; og dei laut skrike heller kvasst til
kvarandre gjenom Blaastren.

Dagmar hadde skjellt svært paa Mennane i Dag. Frida
hadde fylgt med ei Stund; men so med ein Gong hadde
det komi som eit Upprørsskrik dette: heller gifte seg
med ein Vognmann.

Ja; for ved Gud, det var ingin som visste kva det var
aa liva aaleine, helst naar ein vart gamal. Ved Gud!

297

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0299.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free