- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
296

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

som hadde funni seg saman paa Lærarskulen her i Vaar,
hadde den eldste, Helga Thorsen, gift seg no nyleg med
Markus Olivarius Markussen, Cand. jur. og Kopist i
Finansen.

Paa Skulen hadde dei vori svært varme i den nye
Trui, som daa tok til aa faa Magt:
Kvinneemancipa-sjonen. Helga Thorsen hadde lært deim upp; og dei
hadde drivi det so vidt, at det hadde vori lagt Merke
til deim i Byen.

Helga og Frida hadde endaa klipt av seg Haare. Alle
tri hadde røykt Cigarett, og hadde i det heile lært seg
til aa vera so manslege i all si Aatferd som dei paa
nokon Maate torde eller kunde.

Dei var samstelte um, at Mennane var dei verste av
alle dei Dyr som Gud Herren hadde skapt. Og ein
Kveld, uppe hjaa Helga ved eit Glas Vin, hadde dei so
smaatt lova kvarandre, at dei ikkje skulde gifte seg.

Daa Helga Thorsen hadde Bryllaup med Mark Oliv,
var dei tvo andre Brurpikur, og ingin av deim hadde
funni Grunn til aa minne um denne Lovnaden. Dei hadde
lært Mark Oliv aa kjenne, og fann at han maatte vera
eit Undantak millom Mennar. Han var brutal, han som
dei andre; men han var likevel barnsleg og hjartans god;
og so var han so glad i Helga. Ho fekk berge denne
Mannen; han fortente det. Men! paa same Tid; taka
seg vel i Vare! det var ikkje greidt aa vera gift; han
kunde nok koma til aa demoralisere henne!

No gjekk Frida og venta paa Friar, ho og. Ja Dagmar
hadde sine Mistankar um, at det alt i Stild og Løynd
var avgjort.

Frida negta. Ho tala um «Herr Falch» som ho vilde
tala um kvar annan Herre. Men det var ikkje som naar
ho tala um andre Herrar likevel. Dagmar kjende det
paa seg, at her var noko, kva det so var; og det gjorde

296

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0298.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free