Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Og dei tala ura mange Ting, men alltid um det same.
Dei samdest um, at ein ikkje skulde gifte seg, utan
ein elska so, at det maatte vera den eine eller ingin.
Dei lova kvarandre at dei ikkje vilde taka imot noko
«Kurmageri». Skulde dei vera Vénir med ein Mann, so
maatte det vera ein som stelte seg som Kammerat imot
deim.
Og dei tala um den gaatefulle og fæle Ting, at ein
kunde trulova seg og gifte seg, og so kom det upp, at
den ein hadde gift seg med ikkje var den rette.
— «Ja, for slikt hender, du!» forklaara Frida. «Nina
Bøckmann du vét, hun som gjælder for aa være saa’n
litt flott, vét du? ja; hun har engang, men ved Gud!
du maa ikke si det! ikke til noe Menneske, skjønner du!
ja lov mig det! for jeg har ikke Spor av Lov til aa si
det; ja; hun har engang tilstaat med grædende Taarer,
for Helga, skjønner du, endda Helga er saa meget yngre,
ja, tilstaat, at han ikke var den rette. Kan du tænke
dej noe saa forfærdeli?»
«Jasaa.»
«Ja. Tænk du, hvor det maa være sørgeli. Og det
skal vare hele Livet, du! Ved Gud! jeg har saa vondt
av henne! Jeg undres ikke det Grand paa, at hun gir
sin Mann en god Dag; for det gjør hun visst, du! ja
det er fælt, kan du skjønne!»
Dei var i Slottsparken. Vinden susa gjenom Trei, som
stod og svinga med bladlause Kvistir og saag gamle ut,
so unge dei var. Dagmar stræva med aa finne dette
syrgjelegt.
Frida sette fram den Tanken, at det beste var um
Folk kunde hava kvarandre paa Prøve ei Stund; «men
det gaar jo heller ikke an, skjønner du!» Dei var
samstelte um dette.
Men Georg Jonathan hadde meint, fortalde Frida —
ho hadde havt ei Samtale med «den affekterte engelske
299
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>