Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Fyren» ned-hjaa Grosserar Storr her ein Kveld —;
Georg Jonathan hadde meint, at det nok kunde lata seg
gjera at Folk gifte seg paa Prøve. Gjekk det godt, so
gjekk det godt, sa han; og gjekk det gali, var det mykje
likare dei skildest. «Det er i Grunnen det di gjør,
Herrerne du!» sa Frida, «iallfall gjør visst han det; han
lægger visst ikke noe videre Skjul paa, at han har en
saa’n; men slikt gaar jo heller ikke an, kann du
skjønne!»
«Jasaa,» spurte Dagmar; «er Georg Jonathan slik?»
Pyt, meinte Frida, dei var slik allesaman.
Dagmar tagde. Ho hadde lesi og høyrt so tidt, at dei
var soleis allesaman; men ho trudde det aldri um dei
ho kjende. Desse snilde Gutane som gjekk i Huse hjaa
Far hennar, og saag paa henne med ærlege Augo, og
tok henne i Handi til Goddag og Farvel, dei skulde
kunne gaa beint fraa henne og til —. «Nei fy!» sa ho
høgt, og riste paa sitt haarfagre Hovud.
«Di allerfleste,» heldt Frida fram. «Herregud, det vét
vi da jo. Di synes visst ikke di gjør noe galt di; di vet
vel ikke ant end det skal saa være! Og kanskje er det
litt anderledes for dem; Georg Jonathan sa, at vi og di
er saa forskjellie, at det kann ikke nytte aa snakke om
det.»
«Det er Løgn,» sa Dagmar Dyring.
«Ja Herregud, du; det sa jeg ogsaa, kann du skjønne;
men kann du tænke dej —, han svarte, at det var ikke
godt aa vite det for oss, vi som ingenting vét og
ingenting vil vite! Aassaa sa han det: tror Di nu, sa han,
at Mændene gjør saa’nt noe, fordi di har Moro av aa
føre unge Piger i Fordærvelse? Hva Moro skulde di ha
av det? sa han. Ofte kommer di i Knipe for det selv
8.3.SS3.8. ; di kommer i mangeslags fælt lei Knipe, sa han
— du vét han taler saa’n naa; — ja; og di kann da
300
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>