- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
322

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

hin Gongen innpaa Kantore; men det kom nok.
Kandidaten var snild; han vart blid som ei Leike berre ein
gav han ein Kopp Kaffi. Men Frua? Uff. Ikkje um
ein sleit seg ihel for henne fekk ein anna enn sure Augo.

Stundom, naar Studenten hadde vori seint ute um
Kvelden, kunde ho høyre Kandidaten spyrja Frua, um
dei skulde tala til han. «Du vét vi har Ansvar overfor
Pastor Broch,» sa han. Daa tenkte Helene so mangt
med seg; stundom lo ho, men stundom fekk ho
Skjelte.

— Daa Laurits næste Gongen steig inn hjaa Dyring,
fin og studenterfjong, med lette Stig paa knirknye
Styvlar, var han ein vakker Gut.

Men Mark Oliv var der i Kveld; og Laurits saag snart,
at der han var, der raadde han Grunnen aaleine.

Det var Moro der Mark Oliv vanka, Laatt og Staak
og Huse paa Ende; og likevel var Mark Oliv ein
aal-vorsam Mann. Ein Ideens Mann i Sanning var han, og
ein Arbeidshest, som ikkje lika seg utan han var i Selen.

Det var han daa og fraa Morgon til Kveld, ute og inne,
paa Gata og paa Kantore. Han hadde hundrad Jarn i
Elden, men agta deim alle; forkynnte «Orde» kor han
kom, og var ikkje snar aa sleppe ifraa, men fekk Folk
berre i Godlag.

Han hadde eit nytt Evangelium i Kveld: Folk skulde
lære seg til aa eta Skjeljar. Han hadde funni ut at
Norig kunde vera eit rikt Land, og br— braudføde, ha!
ha! ha! braudføde dubbelt so mange Ibuarar (Mark
Oliv tala Landsmaal, naar det skulde vera gildt),
dersom berre Folk frametter Havstrendane vilde stelle seg
som dei skulde med Skjeljane. Det var ei Nasjonalsak.
Og Skjeljar var god Mat, fin Mat; Franskmennene aat
Skjeljar i Haugevis; han hadde sjølv eti Skjeljar. Helga,
Husfruva hans, skulde lære aa laga deim no; og so

322

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0324.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free