- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
324

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

forkjøla og var ikkje fullfrisk enno. Men ho var
yndefull. Det bleike Andlite innringa av Haare, som laag
ramnsvart og rikt og i stilt Fall ned-yvi Akslir og Hals,
gav henne noko lidande og veikt som rørde Laurits
inderleg.

Men so trygg som fyrre Kvelden kjende han seg ikkje.

Ein Gong fann han henne stirande paa seg med
granskande, aalvorsam Augnebragd, liksom ho spurde seg
sjølv, kva ho skulde tru um han. Augo gleid burt daa
han vardest deim. Men heile Kvelden etterpaa kjende
han seg uroleg av dette.

Og so var det i Maalstriden. Han hadde utvikla
histo-riskt og greidt, at det Bokmaale me no hadde, det var
norskt minst likso mykje som det var danskt; og dei
andre Damune, og Herrane so nære som Kvaale,
Frig-stad og Mark Oliv, var med paa dette. Men so kom
Dagmar og slo lag med Maalmennane.

Han vart reint rar ved dette, Guten.

Inn-yvi til Byen — Dyring budde paa Thorvald
Meyers Plass — hadde Laurits Fylgje med Kvaale og ein
Johannessen. Desse tvo kom i Ordstrid um Dagmar;
og den Tosken Johannessen sa: «ja hun er nu lidt
affekteret allikevel!» Laurits kjende ein Styng gjenom Sjæli:
affektera! Var ho affektera? Kvaale forsvara henne;
gneldrande heldt han fram, at ho var ikkje «affektert»,
ho var berre «eiendommelig». Men Laurits hadde fengi
Orde i seg; og djupt inn i Hugen hans sat det no som
eit friskt Saar.

Kald og tom og leid av seg kom han heim paa
Hybelen. Han heldt ikkje av henne; og det var so vondt.
Det hadde vori heile hans liv, det no. Og ho heldt ikkje
av honom heller. Aaleine og litin gjekk han i Seng;
tung og hüglaus stod han upp att; og det var ikkje
Mod i han paa mange Dagar. —

324

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0326.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free