Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
— Ein Kveld i Skümingi kom Helene graatande inn;
no skulde ho reise, sa ho.
Laurits vart som nömin; Hjarta stansa i han; so gav
det seg til aa slite og banke att, so han kjende reint
vondt.
Men det var ikkje for det som dei tvo hadde havt
ihop at Helene var burtvist, sa ho; det var for noko
Tøys som ho var so uskyldig i som eit Barn. Ho hadde
vori her ute paa Lofte i Dag og stelt med noko; so kom
Kandidaten tuslande paa sine Filtsko og vilde inn paa
Kvisten; men daa han saag henne, gav han seg i Drøs
med henne og stod der ei Stund; i det same kom Frua
upp Troppi. Daa flaug den Tosken som galin og vilde
gøyme seg! Aldri i Verdi hadde ho set noko so tullut.
Dei hadde ikkje gjort noko vondt nokon av deim; og
so flyr han og gøymer seg! Han kunde vita kva Frua
daa vilde tru. Ja; daa ho so kom ned, vart ho uppsagd
paa Flekken. Og daa ho vilde forsvara seg, sa berre
Frua det: «jeg har ikke Brug for saa’nne Piker her;
jeg har længe undres paa, hva du kunde ha saa mye
paa Lofte aa gjøre. Bare se aa kom dej avste’; her er
Lønna di til Flyttetid; for jeg vil ikke ha no Vrøvl
etterpaa.» No fekk Helene reise daa; men Gud hjelpe
henne so sant; fekk Folk vita dette, og Mor hennar,
og Folk uppe i Bygdi, so var ho øydelagd. Og kor
skulde ho faa ein skikkeleg Plass etter dette?
Ho stod og studde seg mot Kommoden og grét, so det
hiksta i henne.
Laurits var glad likevel; det var daa ikkje han som
hadde Skuldi. Ho gav upp kvar ho skulde halde seg no
utetter, til ho fekk Plass. Ho visste um eit Kot ho
kunde faa leigt ein Stad; det kosta 6 kronur. Han
maatte s jaa der upp; ho var so leid og sorgfull at ho
gjerne kunde gjera ei Ulykke paa seg, dersom ho skulde
325
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>