Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
men ho lova at det skulde koma seg etterkvart; han
matte hugse paa, at ho var eit faavist Kvinnfolk og
han lærd. Georg fann seg i det; men det var utrulegt
so bundi som ho var i alle sine Tankar av aa ha vaksi
upp i Armod.
Den andre Vinteren lagde han Merke til at ho tok
seg fleire Fridagar enn fyrr, og at ho gjerne vilde sova
um Morgonen. Og ho jamra meir og meir yvi at ho
var i Trældom. Ein Dag ut paa Sumaren fortalde ho,
at ho var forlova med ein Styrmann. Ho vilde ikkje
gaa i alle sine Dagar og træle med denne
Motehande-len; Georg fekk segja kva han vilde. Styrmannen var
«rent gælen» etter henne, og ho visste at ho fekk det
godt. Georg sa at ho fekk gjera som ho vilde. Ho
gjorde so, og drog.
Langt ut paa Hausten same Aare møtte han henne
paa Karl Johan ein Kveld; ho var svært fjong. Han
slo Lag med henne og spurde kor det gjekk; ho svara
at det gjekk godt, men nemnde ikkje Styrmannen. Det
var Grosserar Bøckmann som betala for henne; og han
var so rik so. Held han av deg daa? spurde Georg.
Pøh, svara ho, tala um det! Nei; han held nok ikkje
av andre enn Kona si han; men den Stakkaren, Kona
vil ikkje ha noko med han. Ha-ha-ha! Jau det er sant!
Det er mange som er slike. —
So det skulde gaa denne Vegen med deg lel, Emilie,
sagde Georg.
Ja det er di Skuld, svara ho; det var du som forførde
meg. Men det skal vera gløymt; du var so snild mot
meg so. Men naar eg fyrst var forførd, so; kvi skulde
eg gaa og træle og slite for Gud og inginting, naar alle
som kjende meg visste at eg var ei Hore likevel?
So det visste dei?
— Ja dei saag det paa meg vel. Eg var for godt
332
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>