Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Ei Mark og seks um Dagen? sette Georg i; han vart
raud um Augo. «Er De splitter pinende gal? Arbeider
Di for et Menneske som gir Dem en Mark og seks om
Dagen ?»
Ja det var god Dagløn det, meinte Emilie; det var
ingin som fekk meir, so av vanlegt Folk.
Det er det same som aa tvinge desse Gjentune til aa
selja seg? sa Georg.
Aa nei; der er daa dei som liver med det, svara
Emilie. Men det er Kaffi og Smørbrød —.
Paa Kommoden, som var av maala Gran, stod det ei
Lampe, ein Kaffimaskin, ein Kaffikopp og eit Syskrin,
og uppaa Syskrine ein litin gul Fugl, som peip naar ein
tok han i Halen. Den Fuglen treiv Georg og slengde
han i Golve av all si Magt; gav seg so til aa murbanne.
Emilie vart rædd; men strakst etter var Georg roleg
att; han tok upp ein Dalar og gav henne. Det er for
Fuglen, sa han.
Daa smilte Emilie, so ho vart ven. —
—• Dei slog seg i Lag, desse.
Hans Meining var, at han vilde faa henne til aa
forstaa seg so heilt ut, at naar dei ein Gong laut skiljast,
skulde ho vera likso god som fyrr, berre so mykje meir
framvaksi. Og daa skulde han hjelpe henne i Veg med
ein Motehandel. Han vilde reint ut frelse denne Gjenta.
Ho skulde ikkje skamslite eller skamsvelte seg, og ikkje
kaste seg burt; ho skulde arbeide, men kjenne seg
Menneskje. Og han vilde gjera det hyggjelegt for henne.
Men der var ikkje Hyggje utan Kjærleik.
Det gjekk godt. Madam Widstrup skyna snart at
ikkje alt var som det burde vera; men ho lét det skure.
Emilie blømde upp og vart livlegare enn fyrr, og ven;
og ho heldt av Georg meir enn han hadde tenkt ho
kunde. Det han sa henne, forstod ho visst ikkje alt;
331
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>