Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Mad. Lindner vilde ikkje ha Dotter si til Teatre; det
var ein utrygg Liveveg det, meinte ho; Julie skulde bli
upplærd til Kone for ein Mann. Lindner maatte raade,
det sagde seg sjølv; og ein kunde taka med so mykje
Song og Plåstik og Dans som det vart Tid til; helst
Dans. Men naar Julie vart vaksi skulde ho vera so
stelt, at ho kunde taka imot kva god Mann som baud
seg, anten det no var ein som vilde hava ei Dame, eller
det var ein som lagde mest Lag paa det huslege.
Dei tvo Damune kom til Lags; sidan vaks Julie upp
hjaa Fru Hauge.
Men med Voksteren gjekk det smaatt: Julie heldt
seg liti til ho var fjortan Aar paa Lag. Ho gjekk og
valt millom Teaterfolk og langhærde Kunstnarar so
brun og fornøgd og firkanta som ein liten Kvalp.
Ho var Solstraalen i Huse, sa Diktaren Oskar Bye.
Maalaremne Bjølsvik kalla henne Kattungen sin. Ho
hadde mange Namn; for dei heldt av henne.
Rett som det var gav ho seg til aa vekse, og det med
slik Ihuge, at paa eit halvt Aars Tid kjende dei henne
ikkje att.
Det var knapt nok ho kjende seg att sjølv heller.
Ho vart so rar; ho skyna seg ikkje.
Ho hadde so mange Ridir. Stundom var ho urimeleg
glad; hadde Hug til aa hoppe, spenne ut med Føtane,
velte seg, fara paa Gata og slaast med Gutungar, ride
som eit Mannfolk paa ein usadla Hest, eller um det
berre var ned-yvi eit Tropperekkverk; og det var
langt-ifraa alitid at ho styrde desse Lystine sine. Eller ho
fekk det med Hug til aa skrike, skrike ende yvi seg,
kneggje som ein Øyk, syngje Visur, helst slike som ho
ikkje maatte syngje; dette siste vilde elles ikkje gaa
noko godt; for ho misste so reint Maale. Men andre
Tidir var ho leid av seg. Heile Verdi var henne imot;
334
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>