- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
335

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ho tolde knapt aa sjaa Folk. Daa kunde ho kjenne ei
Letting i aa gaa og skjera Tenner og segja stygge,
simple Ord som ho hadde høyrt paa Gata; eller det
kom yvi henne ein Hug til aa slaa sund alt det ho saag,
Glas og Flaskur og Lampekuplar og Speglar og
Urtepottur og Blomekoppar, og til aa rive sund Biomane,
og slaa sund Vindaugo, og hoppe ende ned paa Gata
og so røme til Skogs, langt til Skogs, endelaust,
endelaust langt. Bøkane som ho skulde lesa i var so keide,
at det stod Tev av deim; og berre ho tenkte paa sine
Skulemeistrar og Læremødrar, baud det henne imot so
ho kunde skrike.

Og so alle dei keide Folk som kom til Fru Hauge,
huh! Denne Oskar Bye som ho hadde lika godt fyrr,
uff, so ulidande som han var med det bleike flate
And-lite sitt og det store lurvute Kunstnarhaare. Var ho i
sitt rette Ulag, gøymde ho seg berre ho høyrde Maale
hans uti Gangen; isj, dette seine, pene rolege Maale
med desse r’ane langt ned i Halsen: «god Maagh’en,
kjæghe Fgue!» hu! og so denne lange tunne Halsen med
den store Barkeknuten, som gjekk upp og ned som ein
Mekanik for kvart Ord, han sa, helst naar han kom
med desse fgygtele r’ane. Nei, daa var Bjølsvik likare;
men han kom ikkje her lenger, han. Aa nei; dei var
ufysne alle. Alle Mannfolk var ufysne; Gud veit kva
dei skulde vera til for.

Men naar ho var aaleine, tenkte ho paa dei like godt.
Og det meir end ho fyrr hadde gjort.

Fru Hauge vart ho og svært leid av i denne Tidi.
Den gamle Snuskjeringi fann paa so mykje Tull: so var
det det, Julie ikkje maatte eta, og det, ho ikkje
maatte drikke; og so maatte ho ikkje lesa den Boki og
ikkje den Boki; og paa Teatre fekk ho helst gaa naar
der vart spéla Barnestykke. Og so skulde Julie kvar

335

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0337.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free