- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
345

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Han brann av Elsk til henne gjenom heile seg; han
hadde funni den han kunde tala med, — «Eva den
naturfødde». Ho var so «mandelbrunt frisk»; «varm
som ein vill Fugl»; «søt og solbrend». Ho var som ho
skulde koma fraa Skog og Eng. Ja ho hadde Fregnur;
rundt Augo sat dei, ørsmaae og droplande runde, liksom
stungne inn i den fine Hudi av Solstraalar.

Heile denne unge Kroppen var Liv og Eld; heile denne
Sjæli Elskhug. So fullt og varmt gav ho seg, at Georg,
Angelsaksen, svimra burt og vart eitt med henne; gjekk
upp i henne; gløymde seg sjølv; det var forunderlegt;
det var Pantheisme. Han hadde ikkje visst fyrr, kva
det var aa bli tekin heilt og gjeva seg heilt. No visste
han det. Og forstod, at den som visste det, han hadde
livt Live. —

— Men alt det dei hadde ihop maatte dei løyne og
dylja, liksom det skulde vera noko stygt.

I Fyrstningi fylgdest dei ute som fyrr; Georg meinte
det var det tryggaste. Men det var ikkje lengi fyrr
Julie merka at Folk tok til aa glo etter deim; so maatte
dei meir og meir stengje seg inne; det var ikkje verdt
aa «friste Fanden», meinte Georg. Ei stor Hjelp var det
at dei hadde! «Mylady», Baaten hans. Med den laag dei
og siglde utetter Fjorden Kveldar og Sundagar naar
Vere var godt; og dei gjekk i Land paa Holmar og Nes
og gjorde upp Eld; der drakk dei Kaffi og annan varm
Drykk, og kjende seg frie og «hadde det som Folk»;
men trygge var dei sistpaa ikkje her heller.

Det var eit Tukthus dei livde i; vilde ein vera fri,
maatte ein røme. Naar rett var, skulde dei lata
«Mylady» stikke til Havs. So skar «Mylady» Sjøen i kvasse
Tak heilt til dei naadde Øyane ved Neapel, der Soli
steikte og Live var lett; daa skulde dei ikkje so mykje
som hugse lenger, at det fanst myrke Heimar langt mot

345

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0347.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free